Me aukar billettsalet

No har me auka til 600 billettar til kvar framsyning! Fredagar og laurdagar nærmar seg fulle, så ver om deg og kjøp billettar. Om du likar Les Misérables, kan du ikkje gå glipp av Kristina frå Duvemåla. Denne gripande historia og den vakre musikken framført i Moster Amfi vert ei oppleving av dei skjeldane. Framsyningar 4.-14 august.

Billettar: Ticketmaster.no

(Foto:. Peter Tubaas)

Informasjon til publikum

Korleis vil Bømlo Teater og Moster Amfi legge til rette for eit trygt arrangement for publikum til framsyningane av Kristina frå Duvemåla? Her kjem litt informasjon om organisering av kø, innslepp og tildeling av sitteplassar:

Innslepp av publikum startar kl 20.00. Ein time før farmsyninga startar. Det blir tre inngangar til Moster Amfi. Publikum blir delt i tre køar av vertskapet utafor amfiet. Me ber publikum som vil sitje saman / er i same kohort/gruppe, kome saman. Hugs å ta med gode klede for veret, gjerne eit pledd og noko å sitje på. Ved innslepp vert din kohort tilvist plass av vertskapet. Det er kiosksal før framsyning og i pausen. Det vil vere eit sete mellom kvar korhort for å oppretthalde gjeldande retningslinjer. Planlegg gjerne saman med dine og lag eigne kohortar. Då får me plass til litt fleire i amfiet enn om ein kjem to og to. Me ber alle besøkjande om å respektere vertskapet i amfiet. Dei har ansvar for å sikre dykk eit trygt arrangement. Hald avstand i kø og i amfiet.

Moster Amfi og Bømlo Teater ynskjer dykk hjarteleg velkommen til Kristina frå Duvemåla!

NB: Helgane begynner å fylles opp, så vent ikkje med å sikra deg billettar!

Billettar på: Ticketmaster.no

 

Björn Ulvaeus ynskjer å komme til Bømlo!

Abba-duoen Björn Ulvaeus og Benny Andersson har saman med Lars Rudolfsson skrive musikalen Kristina frå Duvemåla, som Bømlo Teater har noregspremiere på 4. august i Moster Amfi. I ei helsing fortel han at han gler seg over at den endelig skal gjerast i «grannlandet».

Sjå heile helsinga her.

– Eg er veldig glad for at det er nokon i vårt kjære naboland som setter opp denne mastodont av ein musikal, og det vert spanande å sjå kva de gjer med den, seier Ulvaeus.

Musikalen tar for seg den store utvandringa til Amerika på midten av 1800-talet. Noreg og Sverige deler mykje av denne historia.

– Ein av dei fyrste som Kristina, Karl Oskar og dei andre utvandrarane møter når dei endeleg kjem fram til Stillwater i Minnesota er ein nordmann, fortel Ulvaeus. Om Korona-reglane tillater det, skal eg forsøke å komme å sjå. Eg håper de vil elska Kristina like mykje som eg gjer, avsluttar han.

I hovudrollene møter me Christine Guldbrandsen som Kristina og André Søfteland som Karl Oskar. På scena er eit ensemble på over 70 aktørar og ei orkester på heile 23 musikarar.

Framsyninga har premiere 4. august kl 21.00 og går til og med 14. august.

Billettar: Ticketmaster.no

Me ynskjer hjarteleg velkommen til Bømlo Teater og til Moster Amfi.

Kjære publikum

Bømlo Teater ser fram i mot ein ny sommar med musikal i Moster Amfi. Denne gongen er det noregspremiere på Kristina frå Duvemåla. Framsyningar er frå 4.-14. august kl 21.00.

Billettsalet til framsyninga er godt i gong. Med bakgrunn i dei til ei kvar tid gjeldande restriksjonar, har me pr i dag berre 400 billettar tilgjengelege til kvar framsyning (av 1050). Dette unummererte plassar. Derfor bør ein sikra seg billettar før dei forsvinn!

Me vil gjere alt me kan for å sikre eit trygt arrangement, og skulle det opne opp for fleire publikum etterkvart legg me ut fleire billettar fortløpande – og sjølvsagt refundere billettar om me må avlyse.

Me i Bømlo Teater gler oss til endeleg å kunne ta imot publikum, og håpar å gje dykk ei magisk oppleving i vakre Moster Amfi!

Billettar: Ticketmaster.no