Björn Ulvaeus ynskjer å komme til Bømlo!

Abba-duoen Björn Ulvaeus og Benny Andersson har saman med Lars Rudolfsson skrive musikalen Kristina frå Duvemåla, som Bømlo Teater har noregspremiere på 4. august i Moster Amfi. I ei helsing fortel han at han gler seg over at den endelig skal gjerast i «grannlandet».

Sjå heile helsinga her.

– Eg er veldig glad for at det er nokon i vårt kjære naboland som setter opp denne mastodont av ein musikal, og det vert spanande å sjå kva de gjer med den, seier Ulvaeus.

Musikalen tar for seg den store utvandringa til Amerika på midten av 1800-talet. Noreg og Sverige deler mykje av denne historia.

– Ein av dei fyrste som Kristina, Karl Oskar og dei andre utvandrarane møter når dei endeleg kjem fram til Stillwater i Minnesota er ein nordmann, fortel Ulvaeus. Om Korona-reglane tillater det, skal eg forsøke å komme å sjå. Eg håper de vil elska Kristina like mykje som eg gjer, avsluttar han.

I hovudrollene møter me Christine Guldbrandsen som Kristina og André Søfteland som Karl Oskar. På scena er eit ensemble på over 70 aktørar og ei orkester på heile 23 musikarar.

Framsyninga har premiere 4. august kl 21.00 og går til og med 14. august.

Billettar: Ticketmaster.no

Me ynskjer hjarteleg velkommen til Bømlo Teater og til Moster Amfi.