Nypremiere på Kristina frå Duvemåla 2. august 2023!

Bømlo Teater gjentek suksessen frå 2021 i Moster Amfi.

Det ei stor glede for Bømlo Teater å igjen ynskje publikum velkommen til Kristina frå Duvemåla. Heile 6000 såg den utselde Noregspremieren i 2021. Grunna restriksjonar var dette halvparten av kapasiteten i amfiet. Me tek difor opp att suksessen av den storslåtte musikalen, med like stort ensemble som sist og eit symfoniorkester på 23 musikarar.

Velkommen til Noregs vakraste uteamfi og Bømlo Teater sin nypremiere på Kristina frå Duvemåla!

Billettsalet startar i dag på Ticketmaster. Kjøp billettar HER.

Framsyninga har premiere 2. august og spelar til 12. august. Dette bør vere den finaste julegåva å gje i år!

Ny leiing i Bømlo Teater

Frå 1. oktober får Bømlo Teater ny leiing då dagleg leiar gjennom åtte år, Øystein Kausrud, går av etter endt åremålsperiode. Teateret vert no organisert på ein ny måte med fleire deltidsstillingar. Det er eit erfarent og særs kompetent lag som skal leie teateret framover. Laget består av Linda Hellen, Kjell Arne Røksund, Maren Laurhammer Gilje, Nina Sele, Runa Våge Krukhaug og Joachim Medlie Mathiassen. Linda har vore styreleiar sidan 2011 og går no inn i ei rolle som arbeidande styreleiar. Kjell Arne held fram med si stilling som økonomisjef, Maren, Nina og Runa kjem inn på administrasjon, produksjon og kunstnarleg leiing, og Joachim kjem tilbake som teknisk leiar.

 

 

Jul i Svingen tilbake i kulturhuset

Bømlo Teater held fram tradisjonen med juleframsyning for heile familien. 1.-4. desember vil «Jul i Svingen» gå i Bømlo kulturhus. Her får me møte Linus og venane hans i Svingen, foreldra deira og gjengen frå Sletta. Alle desse som me har blitt kjend med gjennom NRK sin julekallender.

20 skodespelarar frå Bømlo Teater står på scena i denne varme og morosame framsyninga som er bygd på Kjetil Indregard sitt manus og med Odd Nordstoga sin fantastiske musikk.
Regissør er Nina Sele.
Ta med heile familien og kom i god julestemning saman med oss!

Kjøp billettar HER