Christine Guldbrandsen er vår Kristina!

 

Bømlo Teater presenterer Christine Guldbrandsen som tittelrolla Kristina i Kristina frå Duvemåla.

Christine går inn i ei ny hovudrolle rett etter ho har hatt suksess som Gabriella i Så som i himmelen ved Nordland Teater. Ein prestasjon ho fekk strålande kritikkar for.

Christine Guldbrandsen er frå Bergen og har lenge vore kjend for si fabelaktige stemme. Sidan ho var 3 år gammal har ho heldt på med musikk. Ho starta si profesjonelle karriere då hun var 15 år og gav ut sitt første album Surfing in the air då ho var 17 år. Albumet selde til gull på nokre få veker. Sidan har ho gitt ut fire album og turnert både inn- og utland, i mellom anna Kina, med både konsertar, show og juleturnear. Christine er kanskje best kjend frå då hun representerte Noreg i Eurovision Song Contest i Athen 2006 med songen Alvedansen.  Ho har dei siste 12 årene også jobba på teater- og musikalscena: I Les Miserablés, Sound of Music, Ulverock og Så som i himmelen  for å nemne nokre.

– Dette er noko eg sjølvsagt ser veldig fram til! Eg gleder meg enormt til å ta fatt på arbeidet, både musikalsk og ikkje minst det å få gå djupt inn i historia og reisa til Kristina, seier I dei omgivnadane og med dei folka eg skal få jobbe med, er eg ganske så sikker på at dette blir riktig så magisk, seier Christine. Sjå video med Christine.

Christine vil saman med André Søfteland, Mareike Wang, Anders Gjønnes, Espen Hana, ensemblet og vårt orkester på 23 musikarar, skapa nye magiske opplevingar på scena i Moster Amfi kommande sommar. Me er enormt glade for å ha Christine med oss i denne produksjonen.

Framsyningar 4.- 14. august i Moster Amfi.

Billettar på: Ticketmaster.no