Bømloteateret

Bømloteateret har representert eit viktig kulturelt innslag i lokalmiljøet heilt sidan starten i 1973. Med ulik alder og yrkesbakgrunn har ei gruppe amatørar teke i mot stadig nye utfordringar og nådd stadig nye mål med stabilitet og langsiktig innsats. I kulturlivet på Bømlo var teater mest som upløgd mark for 40 år sidan.

Variert repertoar
Repertoaret har variert frå nisseshow, barne- og familieprogram, til folkekomediar, kabaretar og historiske spel – frå klassiske stykke til eigenprodusert stoff – ofte med utgangspunkt i kystkultur og lokalhistorie. Scenane har skifta frå ungdomshus på Espevær til Gullfaks A i Nordsjøen, Oslo konserthus og Grieghallen – frå Nålsøy på Færøyane til San Fransisco i USA. Bømloteateret gjer òg skreddarsydde oppdrag for det offentlege, institusjonar, næringsliv og private.

Inspirasjon og drivkraft
Dei viktigaste drivkreftene har vore idealisme, eit godt miljø, samarbeid, og sist, men ikkje minst; eit trufast publikum. Samarbeidet med det profesjonelle teatermiljøet i Noreg har òg vore svært inspirerande.

Den første kabareten, Så lenge skuta kan gå, sette dei opp i 1979. I 1998 hadde dei opptredd på 152 ulike scener, blant anna 17 ulike scener i utlandet. Bømloteateret har opptredd for representantar frå kongehuset seks gonger.

Mest kjend er truleg sogespelet Kristkongane på Moster, som har vore framført årleg i Moster Amfi sidan 1984 og fram til 2015. Det har vorte til eit av dei store historiske spela i Noreg og er det nest eldste i landet. Framover skal teateret alternere mellom Kristkongane på Moster og I slik ei natt, det nye Mostraspelet skrive av Svein Tindberg som hadde urpremiere 27. mai 2016.

Bømloteateret har gjennom snart 50 år vorte ei viktig inspirasjonskjelde til scenisk aktivitet på mange plan i distriktet vårt.