Peter Pan

Regi: Runa Våge Krukhaug
Scenografi: Janne Robberstad
Lys: Axel Sundbotten
Framsyningar: 15.-18. oktober 2015

Peter Pan er J. M. Peter Pan 1Barrie si eventyrlege og tidlause historie frå 1904 om guten som kan fly og som aldri vil verte vaksen.

Det handlar om sjørøvarar og indianarar, krokodillar og alvar, kamp, venskap, relasjonen mellom ungar og vaksne,  og ikkje minst om den grenselause og skapande fantasien vår.

Familien Darling har nett flytta inn i «draumehuset» i draumestrøket av byen. Ungane Wendy, John og Michael er mykje åleine og ein kveld får dei besøk av Peter Pan som tek dei med til Aldriland – staden kor tida står stille, ungar treng ikkje verte vaksne og er frie til å gjere nett som dei vil. Her møter søskna alle ungane som fall ut av barnevogna då dei var små og som ingen sakna etter ei veke. Og sjørøvarane, med Kaptein Krok som hatefull og uovervinneleg pirat, verdshava sin største skrekk, ved roret. Her er leik, store slag og magi.

Men kvifor er Kaptein Krok så grusom, og så rasande på den unge Peter Pan? Og kva er det med Krokodillen og indianarane som gjer han så redd? Er det rett og slett kampen om tida som vert spelt ut mellom ei vaksande slekt og ei kynisk vaksenverd?

Det var mange som tok turen til Aldriland med oss – «andre stjerna til høgre, og deretter like fram mot morgongryet». Runa Våge Krukhaug og alle andre både på og bak scenen gjorde Peter Pan til ei fantastisk framsyning med utseld sal i Bømlo kulturhus heile helga og lovord frå avisene.