Bømlo Musikallaug

Les Misérables

Bømlo Musikallaug vart stifta i 1999 og har på kort tid etablert seg som ein sentral aktør innan musikalproduksjon i Noreg.

I snart 20 år har Bømlo Musikallaug invitert til musikalske opplevingar i Moster amfi. Det heile starta med Jesus Christ Superstar. Gneisten om å framføre musikalen i amfiet vart kveikt i 1998. Etter tallause dugnadstimar av eit stort apparat frivillige og mange utfordringar kunne Bømlo Musikallaug i 1999 stolt presentere rockemusikalen Jesus Christ Superstar på heimebane.

Bømlo Musikallaug har seinare heldt sin største ambisjon: å produsere musikal i Moster amfi annakvart år. Lauget er ein frivillig organisasjon med eldsjeler frå Bømlo og resten av Sunnhordland. Gjennom større og mindre produksjonar er ønskje å gjere Moster og Bømlo til eit senter for musikalliv, eit ”West-End i Noreg”. Produksjonane blir skapt i tett samarbeid mellom lokale dugnadskrefter og profesjonelle. BML har sidan oppstarten sett opp ni store produksjonar: Jesus Christ Superstar, Zero to Hero (2002), Les Misérables, Chess, Brytningstid (2008), Miss Saigon og Musikalske høgdepunkt. Drifta til BML er tufta på dugnadsinnsats, og drivkrafta frå ei gruppe nøkkelpersonar som har hatt målet om kunstnarlege opplevingar som einaste honorar. På vegen har ein opparbeidd eit svært kompetent produksjonsapparat.

I 2006 vart Bømlo Musikallaug tildelt Ildsjelprisen for inspirerande innsats innan kulturlivet på vestlandet. Ein slik pris forpliktar, og er ei viktig stadfesting til alle involverte om at arbeidet som blir lagt ned vert lagt merke til. Til saman har meir enn 63 000 publikummarar fått oppleve BML sine produksjonar gjennom dei siste ti åra.