Nina Sele er årets regissør for Mostraspelet – I slik ei natt

Det gler oss å presentere vår regissør Nina Sele. Ho har vore ein viktig del av den kunstnarlege leiinga sidan urpremieren i 2016 både som regiassistent og som med-regissør, i tillegg til å vera skodespelar i framsyninga. Ho var også i mange år med i Kristkongane på Moster, både som amatør og profesjonell skodespelar. 

– Det å no stå i spissen for det kunstnarlege arbeidet ser eg på som ei stor gåve. Sidan eg har vore med frå starten av I slik ei natt, så meiner eg å ha god kjennskap til spelet. seier Nina Sele.

– Gjennom eit godt samarbeid med Bømlo Teater og alle dei fantastiske folka som er involvert i spelet på alle plan, er dette ein vår eg ser fram i mot. Arbeidet med spel som kombinerar amatører og profesjonelle har ein eigen dynamikk som det er utruleg kjekt å jobba med. Kanskje ikkje så rart dette ligg mitt hjarte nært, eg vaks jo opp i Mostraspelet.

Med Nina som regissør får me ein god og tydeleg leiar med stor kompetanse. Ho kjenner Bømlo Teater godt, har ei høg stjerne blant våre skodespelarar og i teateret generelt. I 2020 skulle Nina også hatt regi på spelet, men då vart det avlyst grunna pandemien. Då var dramatikar og tidligare regissør Svein Tindberg klar på at Nina er rett person til jobben. 

– Det er naturleg og rett at det er Nina som tek over no. Ikkje berre har ho vore ein dyktig skodespelar gjennom mange år, men hennar skarpe auge for regi har vore åpenbart for alle oss som har jobba med ho. Kunstnarleg teft, humor og eit varmt hjarte, – kan det bli betre, fortsett han. Svein og Nina har jobba tett saman med I slik ei natt sidan 2016. 

Nina Sele er frå Bømlo og har vore med i ei rekke produksjonar med Bømlo Teater både som skodespelar og regissør. Ho er utdanna skodespelar ved NISS, og har jobba ved mellom anna Haugesund Teater og Jo Strømgren Kompani. Nina er ei av kreftene bak teaterkompaniet Scenekraft. Her har ho gjort sterke roller i mellom anna Sviker, Rederinnene og i Heddanominerte Rabinowitz. I løpet av pandemien har ho med Scenekraft hatt regi på monologen Fars stemme, både på scena og i filmversjon. Denne våren er ho aktuell med regi på monologen Lyden av krig, også dette med Scenekraft.

Me ynskjer Nina velkommen tilbake til oss.

Framsyninga vil gå i Moster Amfi 2.-4. juni 2022. Billettar: Ticketmaster.no

Billettane ute for sal

No er billettene til Mostraspelet – I slik ei natt, ute for sal på: Ticketmaster.no.

Om lag 80 skodespelarar vil fylle scena i Moster Amfi 2.-4. juni.

Nytt høve til å skaffe deg billetter til denne storslåtte framsyninga allereie no. Me ser fram imot ein vår og sommar kor me endeleg kan samlas til gode kulturopplevingar att.

Teateråret 2021

Bømlo Teater har lagt bak seg eit av dei mest spanande, men og givande, året på lang tid. Gigantløftet med norgespremieren på «Kristina frå Duvemåla» vart gjennomført med nasjonale koronarestriksjonar og smitteutbrot i kommunen. Over 6000 fekk med seg forestillinga i vakre Moster Amfi. Eit skikkeleg lagløft, der profesjonelle og lokale aktørar saman laga ei forestilling me seint vil gløyme. Vidare klarte me og å få i hamn Jul i Svingen i Bømlo kulturhus før koronarestriksjonane igjen slo inn over landet. Over 1100 fekk med seg denne forestillinga i år. Det er ikkje me lett hjarta me avlyser den fine tradisjonen Julasong for andre året på rad. Men slik situasjonen er no, har me ikkje noko val.

Men dette teateråret hadde heller ikkje gått utan uvurderleg og avgjerande hjelp frå heile det store dugnadsapparatet vårt, samt trufaste samarbeidspartnarar! Som ei julevarm takk til publikum, aktørar og støtteapparat, sender me difor ut eit lite utdrag av vår Kristina frå Duvemåla.(Klikk på lenke).

Håpar alle får ei riktig fin jul – og at me sjåast att i teateret i 2022! Ta vare på kvarandre❤️

Film Ave Productions Klipp: Kajsa Hellen Røksund Foto: Peter Tubaas

Julasong 26.12 vert flytta

Me beklagar å melde at årets «Julasong» ikkje vil gå som planlagt den 26.12, men blir flytta til seinare i vinter. Nye restriksjonar og den situasjonen me igjen står i, gjer at me ikkje kan gjennomføre arrangementet i den form det er meint å vera. Ein kveld med god musikk, underhalding og ein stad å treffe folk. Me har ikkje kapasitet til å ha bordservering og registrering slik andre arrangement i same periode har. I samråd med Bømlo kulturhus har me kome fram til denne slutninga, og vil komma med ny dato så fort den er satt. Dei som har kjøpt billettar får refundert dei automatisk eller ved å kontakte post@ebillett.no. Dei som har kjøpt billettar på Bømlo kulturhus tar direkte kontakt med dei.

Me er lei oss for at det blir slik i år, men ser fram imot å lage ein flott «Vintersong» utpå nyåret.

Ta vare på kvarandre.

Desse er med i Jul i Svingen

Framover vil me her og på vår Facebookside presentere dei som er med i Jul i Svingen. Framsyninga har permiere 2. desember og går til og med 5. desember i Bømlo kulturhus. Dette blir ei riktig så fin familieframsyning som vil gi publikum i alle aldrar god julestemning.

Trykk HER for å sjå kven som er med.

Billettar på: bomlokulturhus.no