Mostradagane 2022

Saman med Moster Amfi, Moster 2024, Tollhagen mat og vinhus, Bømlo kunstlag og Mostrahuset, inviterer Bømlo Teater til Mostradagane dei fyrste dagane i juni. Opplev Mostraspelet – I slik ei natt, kunstutstilling, konsertar, foredrag og omvisninger desse dagane på Moster.

Kjøp billettar til Mostraspelet – I slik ei natt på: Ticketmaster.no

Hallvard Holmen klar for Mostraspelet – I slik ei natt


(Foto: Erika Hebbert)

Det er ei glede for Bømlo Teater å meddele at Hallvard Holmen skal gjera rolla som Tore Hund i årets Mostraspel – I slik ei natt. Dette er fyrste gong Hallvard besøker Bømlo Teater.

Hallvard har si utdanning frå Statens teaterhøyskole og er til dagleg tilsett ved Det Norske Teatret i Oslo. I tillegg har han vore innom dei fleste andre institusjonar, som mellom anna Nationaltheatret, Rogaland Teater og Hålogaland Teater. Her har han gjort ei rekke store roller, som Ibsens «Brand» og Shakespeares «Hamlet» for å nemne nokon.

Holmen har også gjort ei lang rekke filmar og tv-seriar. Over 40 i talet, og han er nominert til fleire Gullrute prisar og Amandapris. For mange er han nok best kjend som Roy i tv-serien «Himmelblå» eller Prorektor Ingstad i «Side om Side».

Hallvard har også tidligare erfaringar frå spel. Han har mellom anna gjort Dovregubben i «Per Gynt» ved Gålåvatnet (2016) og Kong Olav Haraldsson i «Spelet om Heilage Olav» på Stiklestad (2005, 2006).

Me er særs nøgd med å få Hallvard Holmen med oss i årets produksjon. Han er ein sterk formidlar og er ein skodespelar som vil bera rolla som Tore Hund godt. Bømlo Teater ser verkeleg fram til samarbeidet med Hallvard og ynskjer han velkommen til oss.

Framsyningar i Moster Amfi 2.-4. juni. kl 18.00

Billettar: Ticketmaster.no

Anita Myhre Gravdal tilbake til Mostraspelet

Det gler oss å melde at Anita Myhre Gravdal for fyrste gong blir å sjå i I slik ei natt i rolla som Ragnhild.

Men det er ikkje fyrste gong ho er ein del av Mostraspelet. I 2015 gjorde Anita rolla Vigdis i Kristkongane på Moster.

– Det er stor stas for meg å vitja amfiscena att i det nye Mostraspelet –  I slik ei natt, og denne gong i ei litt vaksnare rolle.

Anita kjem frå Stord og er busett på Bømlo. Ho fann sin lidenskap for musikalar då ho var med i  Miss Saigon og Musikalske Høgdepunkt med Bømlo Teater. Etter dette tok ho si utdanning ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo. Etter endt skulegong har ho mellom anna jobba fire sesongar på Color Line for 2Entertain, gjesta Haugesund Teater i framsyninga Jesus Christ Superstar, turnert med fleire framsyningar for barn, og kom heim til Moster Amfi og Bømlo Teater for West Side Story, Evita og Kristina frå Duvemåla. 

Anita er ein sterk og allsidig skodespelar som me er heldige å ha med oss i ei leiande rolle i år. 

Framsyningar i Moster Amfi 2.-4. juni.

Billettar: Ticketmaster.no

Sigurd Sele er med oss i Mostraspelet – I slik ei natt.

(Foto Heidi Fjell)

Me er veldig glade for at Sigurd er med oss vidare i  I slik ei natt, i rolla som «Sigurd»..    

Sigurd Sele er skodespelar og songar frå Bømlo. Han hadde sitt gjennombrot på teaterscenen som Jean Valjean i Les Misérables på Den Nationale Scene i 2008, og har sidan stått på dei fleste teaterscener i Noreg. Han er no aktuell i framsyninga Heim 4 på Det vestnorske teater. Før jul gjorde han Min Kenneth ved det same teateret, ei framsyninga han jobba fram saman med Aslak Moe. 

Dei siste to åra har han har vunne internasjonale filmprisar for sine roller i Stryk i brekk og Skuddene på Bergenhus. I 2019 var han med i storfilmen Tunellen. 

Sigurd er ein kraftfull og dedikert skodespelar som Bømlo Teater no får gleda av jobba med igjen. Han debuterte i Kristkongane på Moster på åttitalet som unggut, og har gestalta diverse roller i Mostraspel og teateret sine musikalar opp gjennom åra. Me ser fram til ein ny produksjon saman med Sigurd i Moster Amfi.

Framsyningar i Moster Amfi 2.-4. juni 2022.

Billettar på: Ticketmaster.no

Odin Waage som Olav Haraldsson

Bømlo Teater er stolte av å presentere Odin Waage som Olav Haraldsson i Mostraspelet – I slik ei natt
i Moster Amfi 2.-4. juni.

Odin er ein ung og spanande skodespelar som har gjort fleire store film og tv-roller dei siste åra. For mange er han nok best kjent som Glenn Tore, GT, gjennom tre sesongar av Rådebank på NRK. For denne rolla han fekk prisen som beste mannlege skodespelar under Gullruten i 2021. Han har også spelt i seriar som mellom anna Wisting, Julestjerna, Halvbroren, Øyenvitne og Beforeigners. Han debuterte i Mathias Jordal sin film Sammen allereie som 12 åring. Odin har familiebånd til Haugesund og han har vakse opp i ein kunstnarfamilie.

– Eg gler meg til å komme til Vestlandet og til Bømlo Teater. Dette blir mitt fyrste spel og det blir heilt rått, seier Odin. Sjå video med Odin HER.

Med rolla som Olav Haraldsson gjer Odin sin debut med Bømlo Teater og me ynskjer han hjarteleg velkommen til oss.

Billettar: Ticketmaster.no