Nina Sele er årets regissør for Mostraspelet – I slik ei natt

Det gler oss å presentere vår regissør Nina Sele. Ho har vore ein viktig del av den kunstnarlege leiinga sidan urpremieren i 2016 både som regiassistent og som med-regissør, i tillegg til å vera skodespelar i framsyninga. Ho var også i mange år med i Kristkongane på Moster, både som amatør og profesjonell skodespelar. 

– Det å no stå i spissen for det kunstnarlege arbeidet ser eg på som ei stor gåve. Sidan eg har vore med frå starten av I slik ei natt, så meiner eg å ha god kjennskap til spelet. seier Nina Sele.

– Gjennom eit godt samarbeid med Bømlo Teater og alle dei fantastiske folka som er involvert i spelet på alle plan, er dette ein vår eg ser fram i mot. Arbeidet med spel som kombinerar amatører og profesjonelle har ein eigen dynamikk som det er utruleg kjekt å jobba med. Kanskje ikkje så rart dette ligg mitt hjarte nært, eg vaks jo opp i Mostraspelet.

Med Nina som regissør får me ein god og tydeleg leiar med stor kompetanse. Ho kjenner Bømlo Teater godt, har ei høg stjerne blant våre skodespelarar og i teateret generelt. I 2020 skulle Nina også hatt regi på spelet, men då vart det avlyst grunna pandemien. Då var dramatikar og tidligare regissør Svein Tindberg klar på at Nina er rett person til jobben. 

– Det er naturleg og rett at det er Nina som tek over no. Ikkje berre har ho vore ein dyktig skodespelar gjennom mange år, men hennar skarpe auge for regi har vore åpenbart for alle oss som har jobba med ho. Kunstnarleg teft, humor og eit varmt hjarte, – kan det bli betre, fortsett han. Svein og Nina har jobba tett saman med I slik ei natt sidan 2016. 

Nina Sele er frå Bømlo og har vore med i ei rekke produksjonar med Bømlo Teater både som skodespelar og regissør. Ho er utdanna skodespelar ved NISS, og har jobba ved mellom anna Haugesund Teater og Jo Strømgren Kompani. Nina er ei av kreftene bak teaterkompaniet Scenekraft. Her har ho gjort sterke roller i mellom anna Sviker, Rederinnene og i Heddanominerte Rabinowitz. I løpet av pandemien har ho med Scenekraft hatt regi på monologen Fars stemme, både på scena og i filmversjon. Denne våren er ho aktuell med regi på monologen Lyden av krig, også dette med Scenekraft.

Me ynskjer Nina velkommen tilbake til oss.

Framsyninga vil gå i Moster Amfi 2.-4. juni 2022. Billettar: Ticketmaster.no