Håkon Karoliussen i ny rolle i Mostraspelet – I slik ei natt.

Håkon Karoliussen i ny rolle i Mostraspelet. 

Det er gledeleg for oss å melde at Håkon kjem tilbake til oss til I slik ei natt, denne gongen i rolla som mostringen Åsmund. I 2017 gjorde han rolla Rane. Håkon ser fram til ein ny periode i Moster Amfi.

  • Eg gleder meg til spelet fordi det er eit utrolig givande og historisk viktig spel. Det har djupe røter i alle dei eldsjelene som i så mange år har laget ein tradisjon med mykje varme og fellesskap. Å bli innlemma i denne familien kjennes rett og slett som å komma heim, sier han. 

Håkon er frå Haugesund og utdanna ved Bergen Teaterskule. Han har jobba ved mellom anna Nordland Teater, Rogaland Teater, Trøndelag Teater, Riksteateret, Den Nationale Scene, og vore engasjert i fleire produksjonar med Scenekraft. Ved Haugesund Teater var han sist å sjå som Tingeling i Peter PanSånne som oss og som Baloo i Jungelboken.

I 2004 var han med i Bømlo Teater sin produksjon av Les Misérables, og det var då han vart alvorleg forelska i Bømlo.

Han er også aktuell som politimann i filmen Tunellen som har premiere første juledag.

  • Framsyningar 7.-9. juni
  • Billettar: bomlo.net

Sterkt regipar for I slik ei natt!

Årets regissørar er Svein Tindberg og Nina Sele. Dei hadde også regi i 2017, og har vore i del av det kunstnariske teamet rundt framsyninga sidan starten. Dei blir også å sjå på scena i rollane som Tore Hund og Jorid.

  • Svein har spela på dei fleste scenar i Norge, men det er på Det Norske Teatret han høyrer heime. Han er ein av Noregs fremste skodespelarar, og er særleg kjent for soloframsyningane Evangeliet etter Markus, Apostlanes gjerningar og Abrahams barn. Abrahams barn spelar han enno, sjølv om det er åtte år sidan premiere. Debuten som dramatikar fekk han med I slik ei natt. I fjor skreiv han og hadde regi på framsyninga Utafor på hovudscena på DNT, ei framsyning han fekk to Heddaprisar for, Beste forestilling for ungdom og Særlig kunstnerisk innsats. Svein har òg skrive boka Bibelfortellingar for barn og arbeider for tida med ei ungdomsbok. 
  • Nina Sele er frå Bømlo og har vore med i ei rekke produksjonar med Bømlo Teater både som skodespelar og regissør. Ho er utdanna skodespelar ved NISS, og har jobba ved mellom anna Haugesund Teater og Jo Strømgren Kompani. Nina er ei av kreftene bak teaterkompaniet Scenekraft. Her har ho gjort sterke roller i mellom anna Sviker, Rederinnene og i Heddanominerte Rabinowitz. Ho har fleire gongar vore å sjå i rolla som Gunnbjørg i Kristkongane på Moster og som Jorid i I slik ei natt.

Med desse to allsidige kunstnarane har me ein særs dyktig duo som vil skape ei sterk framsyning i Moster Amfi også i år.

  • I slik ei natt går i Moster Amfi 7.-9. juni kl 18.00
  • Billettar på bomlo.net

Bergenser debuterer i Mostraspelet!

Bergenseren Kurt Mega Herdlevær skal i år gjera rolla Omar i I slik ei natt, og me er svært glade for å få han inn i
Mostraspelsfamilien.

– Eg ser fram til å komma til Bømlo og ikkje minst det å få vera med i Mostraspelet – I slik ei natt. Det å få spela på ein stad med så mykje historie og få spela ut noko av historia der den faktisk skjedde, gler eg meg masse til, sier han.

Etter si utdanning ved Bårdar Akademiet har han vore engasjert ved teatre som Hålogaland Teater, Kilde teater og konserthus, Nye Fyllingsdalen Teater, Oslo Nye Teater og Folketeateret, i produksjonar som mellom anna West Side Story, Billy Elliot, Eit Juleeventyr og Oliver. Han var både skodespelar og regiassistent i framsyninga Hekesringen på Bergenhus festing i 2018. Til hausten blir han å sjå i Wendy og Peter Pan på Den Nationale Scene. 

Me ynskjer Kurt Mega Herdlevær hjarteleg velkommen til Bømlo Teater og Moster Amfi.

  • Framsyningar 7.-9. juni.
  • Billettar: bomlo.net

Kongen kjem tilbake!

Me kan stolt presentera at Rolf Kristian Larsen kjem tilbake til Moster Amfi som Olav Haraldsson også i år. Det blir tredje året han gjer denne rolla i Mostraspelet I slik ei natt, ei rolle han gjennom desse åra har gjort til si eiga. 

Det er stor stas å spele hovudrolla som Heilag Olav, og ei rå kjensle å gå ut i amfiet i eit så tradisjonsrikt spel. Spelet og folka rundt har fått ein plass i hjartet mitt, seier Rolf Kristian.

Rolf Kristian er frå Stavanger og utdanna skodespelar ved Statens teaterhøgskule, og har vore engasjert ved mellom anna Det Norske Teatret og Nationaltheatret. Han har gjort ei rekkje store film- og tv roller, og var sist å sjå i NRK-suksessen Heimebane.

I 2018 debuterte han som dramatikar med stykket l.i.f.e.g.o.e.s.o.n på Det Norske Teatret, og han er tilsett som Husdramatikar ved Dramatikkens Hus frå same år.

Rolf Kristian er ein særs dyktig og kraftfull skodelspelar me er glad for å ha med oss i I slik ei natt. 

  • Framsyningar 7.-9. juni i Moster Amfi kl 18.00
  • Billettar: bomlo.net

Sigurd Sele tilbake i Mostraspelet!

 

Foto: Marius Knutsen

Me er veldig glade for å ha Sigurd tilbake i Mostraspelsfamilien, og for fyrste gong med i I slik ei natt, i rolla som «Sigurd».  Han har mange år bak seg i Kristkongane på Moster i roller som mellom anna Torolf frå Grindheim og Skalden.

  • – Etter fleire års pause frå Mostraspelet, gler eg meg veldig til å få vera med i det nye Mostraspelet, I slik ei natt. Å ha muligheit til å få stå på scena som profesjonell skodespelar i heimbygda er ikkje alle forunnt. Spesielt ikkje i eit så dedikert miljø som finnes i Bømlo Teater. Eg er jo inhabil til tusen etter å ha vakse opp i dette miljøet, men eg reiser heile landet rundt som skodespelar og kan med handa på hjarta sei at Bømlo Teater er det mest profesjonelle, dedikerte og ambisiøse «amatør» teateret me har i landet. Eg gler meg stort til å stå på scena i amfiet igjen, seier Sigurd.

Sigurd Sele er skodespelar og songar frå Bømlo. Han hadde sitt gjennombrot på teaterscenen som Jean Valjean, hovudrolla i Les Miserables, på Den Nationale Scene i 2008. Han har vore nominert til Heddaprisen og han har stått på dei fleste teaterscener i Noreg, no sist på Rogaland Teater i Cabaret. Til hausten blir han å sjå i Min venn Facisten ved Hordaland Teater, saman med mellom anna Lars Lillo Stenberg.
Sigurd er også aktuell i rolla som Tom i den norske storfilmen Tunellen som har premiere ved juletider. Regissør er Pål Øie og Torbjørn Harr har hovudrolla.

Framsyningar i Moster Amfi 7. – 9. juni kl 18.00.