Bergenser debuterer i Mostraspelet!

Bergenseren Kurt Mega Herdlevær skal i år gjera rolla Omar i I slik ei natt, og me er svært glade for å få han inn i
Mostraspelsfamilien.

– Eg ser fram til å komma til Bømlo og ikkje minst det å få vera med i Mostraspelet – I slik ei natt. Det å få spela på ein stad med så mykje historie og få spela ut noko av historia der den faktisk skjedde, gler eg meg masse til, sier han.

Etter si utdanning ved Bårdar Akademiet har han vore engasjert ved teatre som Hålogaland Teater, Kilde teater og konserthus, Nye Fyllingsdalen Teater, Oslo Nye Teater og Folketeateret, i produksjonar som mellom anna West Side Story, Billy Elliot, Eit Juleeventyr og Oliver. Han var både skodespelar og regiassistent i framsyninga Hekesringen på Bergenhus festing i 2018. Til hausten blir han å sjå i Wendy og Peter Pan på Den Nationale Scene. 

Me ynskjer Kurt Mega Herdlevær hjarteleg velkommen til Bømlo Teater og Moster Amfi.

  • Framsyningar 7.-9. juni.
  • Billettar: bomlo.net