Sigurd Sele tilbake i Mostraspelet!

 

Foto: Marius Knutsen

Me er veldig glade for å ha Sigurd tilbake i Mostraspelsfamilien, og for fyrste gong med i I slik ei natt, i rolla som «Sigurd».  Han har mange år bak seg i Kristkongane på Moster i roller som mellom anna Torolf frå Grindheim og Skalden.

  • – Etter fleire års pause frå Mostraspelet, gler eg meg veldig til å få vera med i det nye Mostraspelet, I slik ei natt. Å ha muligheit til å få stå på scena som profesjonell skodespelar i heimbygda er ikkje alle forunnt. Spesielt ikkje i eit så dedikert miljø som finnes i Bømlo Teater. Eg er jo inhabil til tusen etter å ha vakse opp i dette miljøet, men eg reiser heile landet rundt som skodespelar og kan med handa på hjarta sei at Bømlo Teater er det mest profesjonelle, dedikerte og ambisiøse «amatør» teateret me har i landet. Eg gler meg stort til å stå på scena i amfiet igjen, seier Sigurd.

Sigurd Sele er skodespelar og songar frå Bømlo. Han hadde sitt gjennombrot på teaterscenen som Jean Valjean, hovudrolla i Les Miserables, på Den Nationale Scene i 2008. Han har vore nominert til Heddaprisen og han har stått på dei fleste teaterscener i Noreg, no sist på Rogaland Teater i Cabaret. Til hausten blir han å sjå i Min venn Facisten ved Hordaland Teater, saman med mellom anna Lars Lillo Stenberg.
Sigurd er også aktuell i rolla som Tom i den norske storfilmen Tunellen som har premiere ved juletider. Regissør er Pål Øie og Torbjørn Harr har hovudrolla.

Framsyningar i Moster Amfi 7. – 9. juni kl 18.00.