Kongen kjem tilbake!

Me kan stolt presentera at Rolf Kristian Larsen kjem tilbake til Moster Amfi som Olav Haraldsson også i år. Det blir tredje året han gjer denne rolla i Mostraspelet I slik ei natt, ei rolle han gjennom desse åra har gjort til si eiga. 

Det er stor stas å spele hovudrolla som Heilag Olav, og ei rå kjensle å gå ut i amfiet i eit så tradisjonsrikt spel. Spelet og folka rundt har fått ein plass i hjartet mitt, seier Rolf Kristian.

Rolf Kristian er frå Stavanger og utdanna skodespelar ved Statens teaterhøgskule, og har vore engasjert ved mellom anna Det Norske Teatret og Nationaltheatret. Han har gjort ei rekkje store film- og tv roller, og var sist å sjå i NRK-suksessen Heimebane.

I 2018 debuterte han som dramatikar med stykket l.i.f.e.g.o.e.s.o.n på Det Norske Teatret, og han er tilsett som Husdramatikar ved Dramatikkens Hus frå same år.

Rolf Kristian er ein særs dyktig og kraftfull skodelspelar me er glad for å ha med oss i I slik ei natt. 

  • Framsyningar 7.-9. juni i Moster Amfi kl 18.00
  • Billettar: bomlo.net