Sterkt regipar for I slik ei natt!

Årets regissørar er Svein Tindberg og Nina Sele. Dei hadde også regi i 2017, og har vore i del av det kunstnariske teamet rundt framsyninga sidan starten. Dei blir også å sjå på scena i rollane som Tore Hund og Jorid.

  • Svein har spela på dei fleste scenar i Norge, men det er på Det Norske Teatret han høyrer heime. Han er ein av Noregs fremste skodespelarar, og er særleg kjent for soloframsyningane Evangeliet etter Markus, Apostlanes gjerningar og Abrahams barn. Abrahams barn spelar han enno, sjølv om det er åtte år sidan premiere. Debuten som dramatikar fekk han med I slik ei natt. I fjor skreiv han og hadde regi på framsyninga Utafor på hovudscena på DNT, ei framsyning han fekk to Heddaprisar for, Beste forestilling for ungdom og Særlig kunstnerisk innsats. Svein har òg skrive boka Bibelfortellingar for barn og arbeider for tida med ei ungdomsbok. 
  • Nina Sele er frå Bømlo og har vore med i ei rekke produksjonar med Bømlo Teater både som skodespelar og regissør. Ho er utdanna skodespelar ved NISS, og har jobba ved mellom anna Haugesund Teater og Jo Strømgren Kompani. Nina er ei av kreftene bak teaterkompaniet Scenekraft. Her har ho gjort sterke roller i mellom anna Sviker, Rederinnene og i Heddanominerte Rabinowitz. Ho har fleire gongar vore å sjå i rolla som Gunnbjørg i Kristkongane på Moster og som Jorid i I slik ei natt.

Med desse to allsidige kunstnarane har me ein særs dyktig duo som vil skape ei sterk framsyning i Moster Amfi også i år.

  • I slik ei natt går i Moster Amfi 7.-9. juni kl 18.00
  • Billettar på bomlo.net