Håkon Karoliussen i ny rolle i Mostraspelet.
Det er gledeleg for oss å melde at Håkon kjem tilbake til oss til I slik ei natt, denne gongen i rolla som mostringen Åsmund. I 2017 gjorde han rolla Rane. Håkon ser fram til ein ny periode i Moster Amfi.
- Eg gleder meg til spelet fordi det er eit utrolig givande og historisk viktig spel. Det har djupe røter i alle dei eldsjelene som i så mange år har laget ein tradisjon med mykje varme og fellesskap. Å bli innlemma i denne familien kjennes rett og slett som å komma heim, sier han.
Håkon er frå Haugesund og utdanna ved Bergen Teaterskule. Han har jobba ved mellom anna Nordland Teater, Rogaland Teater, Trøndelag Teater, Riksteateret, Den Nationale Scene, og vore engasjert i fleire produksjonar med Scenekraft. Ved Haugesund Teater var han sist å sjå som Tingeling i Peter Pan, Sånne som oss og som Baloo i Jungelboken.
I 2004 var han med i Bømlo Teater sin produksjon av Les Misérables, og det var då han vart alvorleg forelska i Bømlo.
Han er også aktuell som politimann i filmen Tunellen som har premiere første juledag.
- Framsyningar 7.-9. juni
- Billettar: bomlo.net