Espen Hana som Juan Perón i Evita

Profil EspenBømlo Teater har gleda av å presentere Espen Hana i rolla som Juan Perón i Evita sommaren 2018.

Dette er fjerde gongen me har gleda av å ha Espen på rollelista. I 2006 gjorde han rolla som Dommaren i Chess, i 2011 var han med i Musikalske høgdepunkt, og i 2014 gjorde han rolla som Schrank i West Side Story.

Espen er utdanna ved Statens Teaterhøgskule og har ei årrekkje jobba ved Rogaland Teater og ved Den Nationale Scene. Han har gjort store roller i mellom anna Jeppe på Bjerget, Cabaret, I blanke messingen, Villanden, Sony, Måne for livets stebarn, Sound of music og Les Miserablés for å nevne noken. Han gjorde rolla som Che i Evita på Rogaland Teater i 2003.

Espen er også kjent som komponist, entertainer og plateartist.

Med Espen Hana i rolla som Juan Perón, får me ein allsidig skodespelar og songar med autoritet, truverd og myndighet. Han vil saman med Lisa Stokke (Eva Perón) og André Søfteland (Che) utgjera dei tre største rollane i Evita. Me er særs nøgd med å ha alle desse tre med oss til sommaren.

Bømlo Teater ynskjer Espen velkommen tilbake til Bømlo og Moster Amfi.

Framsyninga går frå 8. – 18. august.

Billettar: ticketmaster.no

For å kontakte Ticketmaster: 22 82 81 49 (Grupper) 22 82 81 97 (Enkeltbestillingar og rullestolplass)

 

André Søfteland i rolla som Ché i Evita!

 André Søfteland frå Odda skal gjera rolla som Ché i Evita.André Søfteland (2)

Me er svært glade for at André kjem tilbake til Bømlo denne sommaren. Frå han var her med si store stemme i Les Miserablés i 2004, har me alltid sett på han som «ein av våre».

Han er utdanna ved Bårdar Akademiet og Guildford School of Acting.
Dei siste åra har han gjort fleire hovudrollar ved dei største scenene i Noreg: Jean Valjan i Les Miserablés på Folketeateret, Sivert i Hellemyrsfolket og Tevje i Spelemann på taket på Den Nationale Scene, ei rolle han også skal gjera ved Trønderlag Teater denne våren. André har i fleire år budd i New York og hatt jobbar ved fleire teater i USA og Europa.

-Eg var med i Les Miserablés på Bømlo i 2004 og ser fram til å få nye gode minner på sumarøya. Dette ser eg verkeleg fram til.

Med André får me ein kraftfull og karismatisk skodespelar i rolla som Ché. Han er den kritiske røysta som kommenterar Evita sitt liv og hennar metodar for å nå dei mål ho satte seg. Lisa Stokke skal gjera rolla som Evita.

Bømlo Teater ynskjer André velkommen tilbake til Bømlo og til Moster Amfi. Framsyninga går frå 8. – 18. august 2018.

Billettar på kjøpast på ticketmaster.no

For å kontakte Ticketmaster: 22 82 81 49 (Grupper) 22 82 81 97 (Enkeltbestillingar og rullestolplass)

Lisa Stokke som Evita!

IMG_8638Lisa Stokke returnerer til Moster Amfi for å gjera rolla som Evita (Eva Peron) i august 2018!

Lisa var den første i verda til å spela hovudrolla som Sophie i den verdskjende musikalen Mamma Mia! – ei rolle ho fekk berre fire månader etter å ha blitt uteksaminert frå ”Paul McCartney-skulen” Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA).

Ho har samarbeidd på både scene og filmlerret med kjende artistar som Helge Jordal, Hilde Lyrån, Sven Nordin, Jan Werner Danielsen, Benedicte Adrian og Kåre Conradi. Av kjende internasjonale samarbeidspartnarar må Harald Schwarz, Don Johnson og Annie Lennox nemnast.

I 2006 kom plata «A piece of Lisa» saman med Kringkastingsorkesteret, og markerte Lisa sin debut som plateartist. Same år fekk ho drøymerolla som Sarah Brown i musikalen Guys and Dolls på West End i London. Stokke har gjort fleire produksjonar på West End; mellom anna Stephen Sondheim sin musikal Assassins.

Lisa har også tidlegare spela musikal i Moster amfi. I 2006 spelte ho Florence i den første oppsetjinga av Chess i Noreg.

I 2010 portretterte ho seg sjølv i NRK-dokumentar Lisa goes to Hollywood.

Svært mange teikneserie-tilhengarar vil kjenne att stemma til Lisa som den norske Elsa i Disney-suksessen Frost.

I 2013 gjorde ho også rolla som Grace Farell i musikalen Annie på Folketeateret i Oslo, med Jostein Kirkeby-Garstad som regissør.

Bømlo Teater er svært nøgd med å igjen kunne presenterer denne internasjonale stjerna til å bære tilttelrolla i eit storprosjekt.

-Med Lisa på laget får me «Star Quality», seier produksjonsleiar Runa Våge Krukhaug.

Billettar på kjøpast på ticketmaster.no

For å kontakte Ticketmaster: 22 82 81 49 (Grupper) 22 82 81 97 (Enkeltbestillingar og rullestolplass)

Trond Husebø – musikalsk leiar for Evita.

Trond_Huseb+©Me er glade for å presentere Trond Husebø som musikalsk leiar for Evita i Moster Amfi, 2018.

Trond er frå Ølen har ein allsidig bakgrunn som dirigent og bratsjist. Han har vore med på fleire av Bømlo Teater sine tidligare produksjonar. Han var med som musikar og assistentdirigent på Miss Saigon i 2009, Musikalske Høgdepunkt i 2011, og som musikar i I slik ei natt i 2016 og 2017. Han har òg vore dirigent for Mostraspelet Kristkongane på Moster i en årrekkje.

Husebø har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskule, og var tilsett som assistentdirigent i Bergen Filharmoniske orkester frå 2009 til 2011. Etter dette har han dirigert dei fleste norske orkester og ensemble, og gjer sin debut med Oslo Filharmoniske i sesongen 2017/18. Han har òg dirigert fleire orkester i utlandet, m.a. Gøteborg Symfoniorkester, Norrköping Symfoniorkester, Aarhus Symfoniorkester og Aalborg Symfoniorkester. Dei siste åra har han vore dirigent for Secret Garden, no sist med Atlanta Pops Orchestra i USA.

Bømlo Teater er heldige som har ein så erfaren dirigent og musikar frå vår eigen region til å ha den musikalske leiinga for dette storprosjektet. Me ser fram til eit godt samarbeid med Trond.