Trond Husebø – musikalsk leiar for Evita.

Trond_Huseb+©Me er glade for å presentere Trond Husebø som musikalsk leiar for Evita i Moster Amfi, 2018.

Trond er frå Ølen har ein allsidig bakgrunn som dirigent og bratsjist. Han har vore med på fleire av Bømlo Teater sine tidligare produksjonar. Han var med som musikar og assistentdirigent på Miss Saigon i 2009, Musikalske Høgdepunkt i 2011, og som musikar i I slik ei natt i 2016 og 2017. Han har òg vore dirigent for Mostraspelet Kristkongane på Moster i en årrekkje.

Husebø har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskule, og var tilsett som assistentdirigent i Bergen Filharmoniske orkester frå 2009 til 2011. Etter dette har han dirigert dei fleste norske orkester og ensemble, og gjer sin debut med Oslo Filharmoniske i sesongen 2017/18. Han har òg dirigert fleire orkester i utlandet, m.a. Gøteborg Symfoniorkester, Norrköping Symfoniorkester, Aarhus Symfoniorkester og Aalborg Symfoniorkester. Dei siste åra har han vore dirigent for Secret Garden, no sist med Atlanta Pops Orchestra i USA.

Bømlo Teater er heldige som har ein så erfaren dirigent og musikar frå vår eigen region til å ha den musikalske leiinga for dette storprosjektet. Me ser fram til eit godt samarbeid med Trond.