Lisa Stokke som Evita!

IMG_8638Lisa Stokke returnerer til Moster Amfi for å gjera rolla som Evita (Eva Peron) i august 2018!

Lisa var den første i verda til å spela hovudrolla som Sophie i den verdskjende musikalen Mamma Mia! – ei rolle ho fekk berre fire månader etter å ha blitt uteksaminert frå ”Paul McCartney-skulen” Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA).

Ho har samarbeidd på både scene og filmlerret med kjende artistar som Helge Jordal, Hilde Lyrån, Sven Nordin, Jan Werner Danielsen, Benedicte Adrian og Kåre Conradi. Av kjende internasjonale samarbeidspartnarar må Harald Schwarz, Don Johnson og Annie Lennox nemnast.

I 2006 kom plata «A piece of Lisa» saman med Kringkastingsorkesteret, og markerte Lisa sin debut som plateartist. Same år fekk ho drøymerolla som Sarah Brown i musikalen Guys and Dolls på West End i London. Stokke har gjort fleire produksjonar på West End; mellom anna Stephen Sondheim sin musikal Assassins.

Lisa har også tidlegare spela musikal i Moster amfi. I 2006 spelte ho Florence i den første oppsetjinga av Chess i Noreg.

I 2010 portretterte ho seg sjølv i NRK-dokumentar Lisa goes to Hollywood.

Svært mange teikneserie-tilhengarar vil kjenne att stemma til Lisa som den norske Elsa i Disney-suksessen Frost.

I 2013 gjorde ho også rolla som Grace Farell i musikalen Annie på Folketeateret i Oslo, med Jostein Kirkeby-Garstad som regissør.

Bømlo Teater er svært nøgd med å igjen kunne presenterer denne internasjonale stjerna til å bære tilttelrolla i eit storprosjekt.

-Med Lisa på laget får me «Star Quality», seier produksjonsleiar Runa Våge Krukhaug.

Billettar på kjøpast på ticketmaster.no

For å kontakte Ticketmaster: 22 82 81 49 (Grupper) 22 82 81 97 (Enkeltbestillingar og rullestolplass)