Espen Hana som Juan Perón i Evita

Profil EspenBømlo Teater har gleda av å presentere Espen Hana i rolla som Juan Perón i Evita sommaren 2018.

Dette er fjerde gongen me har gleda av å ha Espen på rollelista. I 2006 gjorde han rolla som Dommaren i Chess, i 2011 var han med i Musikalske høgdepunkt, og i 2014 gjorde han rolla som Schrank i West Side Story.

Espen er utdanna ved Statens Teaterhøgskule og har ei årrekkje jobba ved Rogaland Teater og ved Den Nationale Scene. Han har gjort store roller i mellom anna Jeppe på Bjerget, Cabaret, I blanke messingen, Villanden, Sony, Måne for livets stebarn, Sound of music og Les Miserablés for å nevne noken. Han gjorde rolla som Che i Evita på Rogaland Teater i 2003.

Espen er også kjent som komponist, entertainer og plateartist.

Med Espen Hana i rolla som Juan Perón, får me ein allsidig skodespelar og songar med autoritet, truverd og myndighet. Han vil saman med Lisa Stokke (Eva Perón) og André Søfteland (Che) utgjera dei tre største rollane i Evita. Me er særs nøgd med å ha alle desse tre med oss til sommaren.

Bømlo Teater ynskjer Espen velkommen tilbake til Bømlo og Moster Amfi.

Framsyninga går frå 8. – 18. august.

Billettar: ticketmaster.no

For å kontakte Ticketmaster: 22 82 81 49 (Grupper) 22 82 81 97 (Enkeltbestillingar og rullestolplass)