Noregspremiere på Kristina från Duvemåla, august 2021!

Bømlo Teater vil på ny setje opp ein musikal i Moster Amfi i august 2021. Me kan stolt presentere
Norgespremie på:

Kristina från Duvemåla

Ein svensk musikal bygd på Vilhelm Mobergs utvandrarepos. 

Av Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Lars Rudolfsson

Billettar: Ticketmaster.no

Framsyningar 4.-14. august.

Me er glade for å kunne gjera ein ny stor musikal, med fantastisk musikk og med ei sterk historie som passar perfekt for Bømlo, vestlandet og Moster Amfi. Det blir fyrste gong musikalen vert sett opp på ein norsk scene i fullversjon, og med norsk tekst omsett av Runa Våge Krukhhaug.

Musikalen skildrar livet til Kristina frå Småland i Sverige på midten av 1800-talet. Det er eit nådelaust liv for fattige bønder, og saman med borna og sitt livs kjærleik, Karl-Oskar sel dei garden og emigrere til USA. Dei slår seg ned i Minnesota, kor livet byr på andre, men like store utfordringar som heime i gamlelandet.

Historia om Kristina er ein hyllest til dei, som ut frå tvingande grunn forlot det kjente og kjære, gjorde den farefulle reisa over havet og laga seg eit nytt liv i eit ukjend land.

Musikalen innheld kjende songar som mellom anna Ut mot et hav, Vildgräs, Guldet blev till sand og Du måste finnas. Bli meir kjent med musikken og songane på Spotify.

På scena vil ein sjå eit ensemble på 70 skodespelarar, ei blanding av profesjonelle og amatørar. I leiande roller får me møte:

Vårt orkester består av 23 musikarar, leia av Gunvald Ottesen. Regissør er Jostein Kirkeby-Garstad.

Musikalen Kristina från Duvemåla hadde premiere på Malmö Musikteater i Oktober 1995. Den veksla deretter mellom Malmö og Göteborgsoperaen før den fekk sin etterlengta Stockholm-premiere på Cirkus i Februar 1998. I Malmö blei det spelt 194 førestillingar, i Göteborg 125 førestillingar og i Stockholm 352 førestillingar. Over 1 million menneske har sett Kristina från Duvemåla på scenen i Sverige.

Noregspremieren av Kristina från Duvemåla vert i Moster Amfi, Bømlo  4. august 2021.