Britt-Synnøve er vår Fina-Kajsa

Me gler oss stort over at Britt-Synnøve Johansen skal gjera rolla som Fina-Kajsa i noregspremieren av Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi i august.

Britt-Synnøve er ein allsidig skodespelar, songar, tekstforfattar og komponist frå Haugesund, busett i Stavanger. Ho har gjort hovudroller i ein rekkje musikalar som i mellom anna Oliver, Skjønnheten og Udyret, Annie og Les Miserablés. Her har ho gjort både rolla som Fantine i samarbeidsproduksjonen mellom Kilden teater- og konserthus, Festiviteten i Haugesund, Rogaland teater og Sandnes kulturhus, og rolla som Eponine for Bømlo Teater i 2003-2004.

For mange er ho kanskje best kjent for sine fabelaktige Piaf-tolkingar på scene og cd, og ho har sjølv omsett mange av Piaf sine tekstar. Ho har også gitt ut ei rekkje andre album som mellom anna Skyt meg med tre roser, tango på norsk, På reis, på reis med Gjertruds sigøynerorkester, og den spelemannsnominerte barneplata Skakke Sanger. Dei seinare åra har ho gjort tekstomsetningar for store aktørar som Kilden teater-og konserthus, og skrive musikk og tekstar for Den Nasjonale Scene i Bergen.

Britt-Synnøve har saman med Heine Totland nyleg turnert med konserten Venners nærhet, noko som dei skal halde fram med i tida framover.

Bømlo Teater ynskjer Britt-Synnøve hjarteleg velkommen til oss og tilbake til Moster Amfi.

Framsyningar 4.-14. august i Moster Amfi.

Billettar på: Ticketmaster.no