Anders Gjønnes er vår Robert

Bømlo Teater har gleda av å presentere ein ny hovudrolleinnehavar til noregspremieren av Kristina frå Duvemåla: Anders Gjønnes.

Anders Gjønnes frå Larvik skal gjera rolla Robert i Kristina frå Duvemåla, og me er veldig glade for å ha han med oss i denne produksjonen. Han har besøkt oss ein gong tidligare, då i vår noregspremiere av Miss Saigon i 2009 i rolla om John. Anders er utdanna ved både Griegakademiet, Bårdar Akademiet og Teaterhögskolan i Gøteborg. Han er ein allsidig songar og skodespelar som har jobba ved ei rekkje teater i både Noreg og Sverige, og deltatt i produksjonar som mellom anna Les Miserablés, Jesus Christ Superstar og West Side Story.

– Eg gler med til å endeleg få gjera denne rolla og denne musikalen, og trur det kjem til å bli ein unik versjon i Moster Amfi. Vil du sjå musikalmagi på vestlandet, så sjåast me på Bømlo til sommaren, seier Gjønnes.

Rolla Robert er bror til Karl Oskar som skal gjerast av André Søfteland. Me får dermed eit særs godt og erfarent brødrepar som vil formidle deira historie med truverd og kraft. Me ynskjer Anders velkommen tilbake til oss!

Framsyningar 4.- 14. august.

Billettar på Ticketmaster.no

Sjå video med Anders HER

André Søfteland er vår Karl Oskar

(Foto: Erika Hebbert)

Bømlo Teater er stolte av å presentere André Søfteland som vår Karl Oskar.

André er ein godt kjent og etablert skodespelar i Noreg og her på vestlandet, og er ein av landets sterkaste songarar. Derfor er det utruleg kjekt for oss å ha han med hos oss i rolla som Karl Oskar, Kristina sin mann. Saman med Kristina skal han leda oss gjennom den fantastiske historia i Kristina frå Duvemåla.

– Eg ser fram til å komma heim at til Bømlo. Det var her det starta for meg med Les Miserablés i 2004, og det var da eg bestemte med for at det er dette eg skal gjera.

André  er utdanna ved Bårdar Akademiet og Guildford School of Acting , og har dei siste åra hatt hovudroller som mellom anna Jean Valjan i Les Miserablés og Anatolij i Chess på Folketeateret, Sivert i Hellemyrsfolketog Tevje i Spelemann på taket ved den Nationale Scene. Tre gongar tidligare har André vitja Bømlo Teater, seinast i 2018 som Che i Evita, og me ser fram til ein ny sommar saman med han i Moster Amfi.

Billettar på: TIcketmaster.no

Framsyningar 4.-14. august 2021

Sjå video av med André HER

Billettar klare for sal!

Billettsalet til årets store musikaloppleving er no i gong! Ver tidlig ute med å sikra deg billettar til noregspremieren på

Kristina frå Duvemåla.

Kjøp billettar her på: Ticketmaster.no

Framsyningar 4.- 14. august kl 21.00

Grunna korona situasjonen vil det i fyrste omgang kun bli lagt ut 400 billettar per framsyning (kapasitet 1050), og det vil bli unummererte plassar. Ved endringar i restriksjonar vil det bli lagt ut fleire billettar.

Høyr den fantastiske musikken på Spotify

Musikalen er skrive av Benny Andersson, Bjørn Ulvaeus (ABBA) og Lars Rudolfsson, basert på Vilhelm Mobergs utvandrarepos, og blir sjølvsagt gjort på nynorsk.

Me ynskjer publikum hjarteleg velkommen til Moster Amfi, Europas vakraste utescene og til ei ny storslått musikaloppleving med Bømlo Teater

For å kontakta Tickemaster ring: 815 33 133

Noregspremiere på Kristina från Duvemåla, august 2021!

Bømlo Teater vil på ny setje opp ein musikal i Moster Amfi i august 2021. Me kan stolt presentere
Norgespremie på:

Kristina från Duvemåla

Ein svensk musikal bygd på Vilhelm Mobergs utvandrarepos. 

Av Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Lars Rudolfsson

Billettar: Ticketmaster.no

Framsyningar 4.-14. august.

Me er glade for å kunne gjera ein ny stor musikal, med fantastisk musikk og med ei sterk historie som passar perfekt for Bømlo, vestlandet og Moster Amfi. Det blir fyrste gong musikalen vert sett opp på ein norsk scene i fullversjon, og med norsk tekst omsett av Runa Våge Krukhhaug.

Musikalen skildrar livet til Kristina frå Småland i Sverige på midten av 1800-talet. Det er eit nådelaust liv for fattige bønder, og saman med borna og sitt livs kjærleik, Karl-Oskar sel dei garden og emigrere til USA. Dei slår seg ned i Minnesota, kor livet byr på andre, men like store utfordringar som heime i gamlelandet.

Historia om Kristina er ein hyllest til dei, som ut frå tvingande grunn forlot det kjente og kjære, gjorde den farefulle reisa over havet og laga seg eit nytt liv i eit ukjend land.

Musikalen innheld kjende songar som mellom anna Ut mot et hav, Vildgräs, Guldet blev till sand og Du måste finnas. Bli meir kjent med musikken og songane på Spotify.

På scena vil ein sjå eit ensemble på 70 skodespelarar, ei blanding av profesjonelle og amatørar. I leiande roller får me møte:

Vårt orkester består av 23 musikarar, leia av Gunvald Ottesen. Regissør er Jostein Kirkeby-Garstad.

Musikalen Kristina från Duvemåla hadde premiere på Malmö Musikteater i Oktober 1995. Den veksla deretter mellom Malmö og Göteborgsoperaen før den fekk sin etterlengta Stockholm-premiere på Cirkus i Februar 1998. I Malmö blei det spelt 194 førestillingar, i Göteborg 125 førestillingar og i Stockholm 352 førestillingar. Over 1 million menneske har sett Kristina från Duvemåla på scenen i Sverige.

Noregspremieren av Kristina från Duvemåla vert i Moster Amfi, Bømlo  4. august 2021.

Øystein Lund Olafsen med på det kunstnarlege laget til Kristina frå Duvemåla

Me er særs glade for å ha Øystein Lund Olafsen med på det kunstnarlege laget til Kristina frå Duvemåla! Han vil ha ansvaret for vokalinnstudering og korleiing. Han vil også vera repetitør under øvingane i amfiet.

Øystein er utdanna ved Noregs musikkhøgskule, og har frå 2019 vore tilsett som kantor på Bømlo, og er dirigent for fleire kor her. Han er også dirigent og musikalsk leiar for Gospelkoret HIM i Oslo. Frå 2001 til 2018 var han tilsett som kantor i Lommedalen kyrkje i Bærum.

Gjennom 25 år har han jobba med ein stor del av Noregs artistar, og jobbar fast med mellom anna Nordic Tenors, Elisabeth Andreassen, Hanne Krogh, Ole Edvard Antonsen, Alexander Rybak, Maria Arredondo & Torstein Sødal og Christian Ingebrigtsen.

Øystein har vore musikalsk leiar ved fleire musikalproduksjonar, som mellom anna Jungelboken ved Chat Noir og Chateau Neuf, og konsertversjon av Sound of Music. I fleire år var han koransvarleg ved han Nobelpriskonserten, og har jobba med internasjonale artistar som Josh Groban, Kurt Carr, Barry Manilow og Stevie Wonder.

Kristina frå Duvemåla blir den fyrste produksjonen saman med Bømlo Teater. Me ynskjer han hjarteleg velkomen til oss!