Bømlo Teater har gleda av å presentere ein ny hovudrolleinnehavar til noregspremieren av Kristina frå Duvemåla: Anders Gjønnes.
Anders Gjønnes frå Larvik skal gjera rolla Robert i Kristina frå Duvemåla, og me er veldig glade for å ha han med oss i denne produksjonen. Han har besøkt oss ein gong tidligare, då i vår noregspremiere av Miss Saigon i 2009 i rolla om John. Anders er utdanna ved både Griegakademiet, Bårdar Akademiet og Teaterhögskolan i Gøteborg. Han er ein allsidig songar og skodespelar som har jobba ved ei rekkje teater i både Noreg og Sverige, og deltatt i produksjonar som mellom anna Les Miserablés, Jesus Christ Superstar og West Side Story.
– Eg gler med til å endeleg få gjera denne rolla og denne musikalen, og trur det kjem til å bli ein unik versjon i Moster Amfi. Vil du sjå musikalmagi på vestlandet, så sjåast me på Bømlo til sommaren, seier Gjønnes.