Britt-Synnøve er vår Fina-Kajsa

Me gler oss stort over at Britt-Synnøve Johansen skal gjera rolla som Fina-Kajsa i noregspremieren av Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi i august.

Britt-Synnøve er ein allsidig skodespelar, songar, tekstforfattar og komponist frå Haugesund, busett i Stavanger. Ho har gjort hovudroller i ein rekkje musikalar som i mellom anna Oliver, Skjønnheten og Udyret, Annie og Les Miserablés. Her har ho gjort både rolla som Fantine i samarbeidsproduksjonen mellom Kilden teater- og konserthus, Festiviteten i Haugesund, Rogaland teater og Sandnes kulturhus, og rolla som Eponine for Bømlo Teater i 2003-2004.

For mange er ho kanskje best kjent for sine fabelaktige Piaf-tolkingar på scene og cd, og ho har sjølv omsett mange av Piaf sine tekstar. Ho har også gitt ut ei rekkje andre album som mellom anna Skyt meg med tre roser, tango på norsk, På reis, på reis med Gjertruds sigøynerorkester, og den spelemannsnominerte barneplata Skakke Sanger. Dei seinare åra har ho gjort tekstomsetningar for store aktørar som Kilden teater-og konserthus, og skrive musikk og tekstar for Den Nasjonale Scene i Bergen.

Britt-Synnøve har saman med Heine Totland nyleg turnert med konserten Venners nærhet, noko som dei skal halde fram med i tida framover.

Bømlo Teater ynskjer Britt-Synnøve hjarteleg velkommen til oss og tilbake til Moster Amfi.

Framsyningar 4.-14. august i Moster Amfi.

Billettar på: Ticketmaster.no

Christine Guldbrandsen er vår Kristina!

 

Bømlo Teater presenterer Christine Guldbrandsen som tittelrolla Kristina i Kristina frå Duvemåla.

Christine går inn i ei ny hovudrolle rett etter ho har hatt suksess som Gabriella i Så som i himmelen ved Nordland Teater. Ein prestasjon ho fekk strålande kritikkar for.

Christine Guldbrandsen er frå Bergen og har lenge vore kjend for si fabelaktige stemme. Sidan ho var 3 år gammal har ho heldt på med musikk. Ho starta si profesjonelle karriere då hun var 15 år og gav ut sitt første album Surfing in the air då ho var 17 år. Albumet selde til gull på nokre få veker. Sidan har ho gitt ut fire album og turnert både inn- og utland, i mellom anna Kina, med både konsertar, show og juleturnear. Christine er kanskje best kjend frå då hun representerte Noreg i Eurovision Song Contest i Athen 2006 med songen Alvedansen.  Ho har dei siste 12 årene også jobba på teater- og musikalscena: I Les Miserablés, Sound of Music, Ulverock og Så som i himmelen  for å nemne nokre.

– Dette er noko eg sjølvsagt ser veldig fram til! Eg gleder meg enormt til å ta fatt på arbeidet, både musikalsk og ikkje minst det å få gå djupt inn i historia og reisa til Kristina, seier I dei omgivnadane og med dei folka eg skal få jobbe med, er eg ganske så sikker på at dette blir riktig så magisk, seier Christine. Sjå video med Christine.

Christine vil saman med André Søfteland, Mareike Wang, Anders Gjønnes, Espen Hana, ensemblet og vårt orkester på 23 musikarar, skapa nye magiske opplevingar på scena i Moster Amfi kommande sommar. Me er enormt glade for å ha Christine med oss i denne produksjonen.

Framsyningar 4.- 14. august i Moster Amfi.

Billettar på: Ticketmaster.no

 

Espen Hana er vår Danjel

Bømlo Teater er veldig glade for å presentere Espen Hana i rolla som Danjel i Kristina frå Duvemåla.

Espen er ein fabelaktig skodespelar kjent frå mange arenaer. I fleire periodar har han vore ved Den Nationale Scene, men best kjenner me han frå Rogaland Teater. Her har han i ei årrekkje gjort eit uttall rollar og framsyningar, og er no aktuell med framsyninga Våken drøm – Vamp i teateret.  Til hausten skal han og Mia Gundersen på turné med framsyninga Endelig sammen igjen!

Espen er også kjent som komponist, entertainer og plateartist, og han har gjort fleire store musikalar som Les Miserablés, Sound of Music, Blanke Messingen, Chess og Evita. Saman med sonen Frikk Hana vert det no ein ny stormusikal for Espen.

 

– Me gler oss stor til Kristina frå Duvemåla. Me var begge med i Evita i 2018, og det blir veldig, veldig kjekt å komma tilbake, seier dei.

 

Rollen Danjel er prest og onkelen til Kristina. Espen er ein allsidig, stødig skodespelar og songar som vil gi denne rolla truverd og tyngde. Han er ein god lagspelar og skapar ro og tryggleik for sine medskodespelarar og i heile ensemblet. Me ynskjer både Espen og Frikk velkommen til Bømlo Teater og Moster Amfi!

Framsyninga 4.-14. august i Moster Amfi.

Billettar på: Ticketmaster.no

Mareike Wang er vår Ulrika

Det gler oss å presentere den fyrste kvinnelege hovudrolla i Kristina frå Duvemåla: Mareike Wang skal gjera rolla Ulrika i denne noregspremieren med Bømlo Teater i august.

Mareike er frå Stavanger. Ho er tilsett ved Rogaland Teater og vert å sjå i Våken Drøm – Vamp i teateret, utover våren. Elles har ho medverka i produksjonar som Peer Gynt, Sonny, Festen, Blodig alvor, Tønnes og Ein midtsommernatts drøm. Ho har også gjort Eponine i Les Miserabéls i Sandnes, Haugesund og ved Kilden Teater – og konserthus, Pepita i Taube – En musikalsk forestilling ved Edderkoppen Teater i Oslo, og vore tilsett ved Det Norske Teatret. I 2006 vart ho uteksaminert frå The Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA). Ho budde og jobba i London to år etterpå og gjorde mellom anna Belle i Skjønneten og udyret.

– Eg gleder med veldig til å ta fatt på denne rike musikalen med så fantastisk musikk, og til å samarbeide med alle de andre flinke aktørane, seier ho.

Mareike er ei allsidig, kraftfull skodespelerinne og ei sterk songarinne med eit bredt repertoar. I 2011 hadde med gleda av å ha Mareike med oss i produksjonen Musikalske høgdepunkt, der ho song frå mellom anna Chess, Les Miserablés og Miss Saigon. Me ser fram til eit nytt samarbeid med Mareike og særs glade for at nettopp ho skal gjera Ulrika i denne framsyninga i Moster Amfi.

Framsyningar 4.- 14. august.

Billettar på: Ticketmaster.no

Sjå video med Mareike HER