Årsmøte i Bømlo Teater

Fredag 4. mars kl 20.00 held Bømlo Teater årsmøte i Urangsvåg.

Saksliste:

1. Val av møtelaiar og referent

2. Godkjenning av dagsorden

3. Årsmelding og rekneskap 2015

4. Budsjett 2016

5. Val

6. Eventuelt

Etter årsmøtet vert det ei samkome for dei som vil. Det blir “mat på fat fest”, så ta med noko til eit felles matbord. Påmelding til årsmøte og festen kan gjerast til Cathrine innan 1.4: cathrine.aakre@haugnett.no

Tindbergs nye Mostraspel «I slik ei natt» i 2016

Svein_Tindberg127. mai i 2016 blir det urpremiere i Moster Amfi på det nye Mostraspelet, I slik ei natt, av Svein Tindberg. Manuset fokuserer på Kristenretten og Olav Haraldsson, og ikkje nødvendigvis «henge saman med» Hegglands manus som i 2013 hadde 30-årsjubileum. Ivar Tindberg skal ha regien, og sidan Svein og Ivars far Snorre Tindberg var den som teikna Amfiet, har tre blad Tindberg verkeleg bidrege til at den nasjonale mostrahistoria når sitt publikum. Svein Tindberg vil sjølv spela ein av hovudrollane.

Bømlo Teater vil på denne måten kvalifisere seg til ei markering av eit 1000-årsjubileum for Kristenretten på Moster i 2024, og tek vare på arven frå Bømloteateret om å halde historia vår i hevd. Sjølv om me no får eit nytt manus, betyr ikkje det at Hegglands manus ikkje skal bli sett opp lenger, så etter 2016 er Bømlo teater i den heldige situasjon at me kan alternere på dei to manusa. Det trur me vil styrke merksemda om og posisjonen til Mostraspelet i overskodeleg framtid.

Famsyningar:

Fredag   27.5 kl 18.00

Laurdag 28.5 kl 18.00

Sundag  29.5 kl 18.00

Billettsalet er i gang på billettservice.no

For grupper over 10, kontakt Grieghallen sitt billettkontor:
Tlf: 55 21 61 50

 

MEDLEMSKAP I BØMLO TEATER

WSS_Logo_132x132_Streetart kopiKjære vener av Bømlo Teater!

På årsmøtet vart det vedteken ei endring i vedtektene som gjeld medlemskap. For å bli eller bli verande som registrert medlem i BT, stillest det no følgande krav:

  1. Du må skriftleg melde deg inn ved å sende ein mail til post@bomloteater.no og skrive at du vil vera medlem. Fint om du oppgjev alder óg, då dette er viktig i mange søknadsamanhengar.  Du kan óg ringe 534 20 790 og melde deg inn pr tlf til dagleg leiar.

Medlemskap i Bømlo Teater krev ikkje kontingent.

Me bed med dette om at du snarast melder frå pr mail eller tlf  at du vil vera medlem, slik at me får ajourført medlemslistene i tråd med gjeldande vedtekter.

Sjå elles heile vedtektsendringa på vår nettside old.bomloteater.no