Regissør klar for Kristina från Duvemåla

Me er særs glade for at me får Jostein Kirkeby-Garstad tilbake til Moster Amfi som regissør for noregspremieren på Kristina från Duvemåla. I 2018 hadde han regi på vår produksjon av Evita.

Sist me hadde noregspremiere med ein musikal signert ABBA-gutta; Chess i 2006, hadde Jostein sin Bømlo Teater-debut som koreograf.
-Då mi mor introduserte meg for Abba-gutta si musikalverd, var eg heilt solgt. Rett og slett. Så no eg gler meg utruleg mykje til å vere med å setje opp det skandinaviske utvandrar-eposet Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi!, seier Jostein entusiastisk.

Han er ein erfaren regissør som har jobba mellom anna ved Det Norske Teateret, Torshovteateret, Haugesund Teater, Kilden Teater- og Konserthus, Nordland Teater. I 2018 vant musikalen han regisserte, Billy Elliot i Sandnes Kulturhus, musikkteaterprisen for årets musikal. I 2019 hadde han og Alexander Rybak urpremiere på musikalen Trolle og den magiske fela på Kilden.

Jostein har gjennom mange år jobba som regissør og teatersjef i Kristiansand Dyrepark, der han og er manusforfattar og konseptutviklar for parken sine versjonar av Hakkebakkeskogen, KardemommebyKristian And fra Herli Land og Sirkus Jesper. Han har og skrive og dramatisert fleire teaterstykke og musikalar, og fleire av hans manus er oppført profesjonelt på teatre i Norge. Merittlista er lang – og med Jostein får me med ein erfaren scenekunstnar på laget.

Musikalsk leiar for Kristina från Duvemåla

Bømlo Teater er særs glade for å presentere Gunvald Ottesen frå Stord som musikalsk leier for Norgespremieren på Kristina från Duvemåla i Moster Amfi sommaren 2021.

Gunvald gjekk på musikklinja ved Stord Vidaregåande, før han begynte på Toneheim folkehøgskule. Deretter kom han inn på direksjon ved Noregs musikkhøgskule der han gjekk i tre år, før han tok master i direksjon ved Musikkhøgskulen i Stockholm.

Kristina från Duvemåla står meg veldig nære. Den har noke av den vakraste musikken eg veit om. Historia er sterk, gripande og storslått, og den fortjener ei scene og eit format som berre Moster Amfi kan gi, seier Ottesen.

Gunvald reknast som eit stort musikalsk talent og har trass sin unge alder allereie lang erfaring som musiker og dirigent. Han har vore engasjert som dirigent for mellom anna Stavanger symfoniorkester og Norrköping symfoniorkester, og vore assisterande dirigent ved Opera Østfold, Oslo Opereafestival og Bømlo Teater. Han har også dirigert ei rekkje store verk. Kommande haust skal han vera dirigent i musikalen Cabaret ved Göteborgs Operaen.

Dette er fjerde gongen Ottesen er med i ein Bømlo Teater produksjon. Han sto på scena i Musikalske høgdepunkt, var i orkesteret på West side story, og var assisterande musikalsk leiar og i orkesteret til Evita i 2018. No bli han musikalsk leiar for eit stort ensemble og eit orkester på 23 musikarar. Me er heldige som kan nytta ein så dyktig, profesjonelle lokal aktør som Ottesen på Bømlo, og ser fram til å samarbeide med han det kommande året.

– Eg gleder meg heilt enormt til å endeleg kunne vise Kristina från Duvemåla til det norske publikum, seier han.

Vandreteater på Vetahaugen

Denne spesielle sommaren satsar teateret og Moster Amfi på vandreteater rundt Vetahaugen. Bli med gardsfolket frå Teigland på ei tidsreise tilbake til vikingtida.
Publikum får ei teatervandring på Vetahaugen kor sagn og myter blir
fortalt fleire stader på vegen. Store og små skodespelarar frå Bømlo Teater gir liv til historiene og tek oss med til sitt Moster for 1000 år sidan.
Dette er ei familieframsyning og runden tek om lag ein time. Me tek omsyn til smittevern, og har difor avgrensa plasser. Så løp og kjøp! Oppmøte er utafor hovudinngongen til Moster Amfi.

Bømlo Teater og Moster Amfi ynskjer store og små hjarteleg velkomne!

  • Framsyningar: 27. og 28.6
  • 4. og 5.7
  • 6. og 7. 7.
  • Billettar på bomlo.net

Kun 30 billettar per framsyning

Musikal 2021!

Nedtellinga har starta ! 12. Juni lanserer me kva musikal som vert sett opp i Moster Amfi i august 2021.

Sjå glimt fra tidligare musikalar på får Facebookside HER

Årsmøte Bømlo Teater 25. mai

INNKALLING TIL ÅRSMØTE I BØMLO TEATER FOR DRIFTSÅRET 2019

  • TID: MÅNDAG 25.05.2020 KL 18.00
  • STAD: BØMLO KULTURHUS. Me tek påmelding til årsmøte for å ivareta smittevern med 1 meters avstand, og vil avhalda møte fysisk og ev. dels digitalt på Zoom. Avhengig av tal på påmelde.

PÅMELDING INNAN 22. MAI til: marit.frimannslund@gmail.com eller sms 97502380

  • AGENDA:
  • Val av møteleiar og referent
  • Godkjenning av dagsorden
  • Årsmelding og rekneskap 2019
  • Budsjett 2020
  • Årsplan og strategisk arbeidsprogram 2020 -2024
  • Val

VELKOMMEN!