Regissør klar for Kristina från Duvemåla

Me er særs glade for at me får Jostein Kirkeby-Garstad tilbake til Moster Amfi som regissør for noregspremieren på Kristina från Duvemåla. I 2018 hadde han regi på vår produksjon av Evita.

Sist me hadde noregspremiere med ein musikal signert ABBA-gutta; Chess i 2006, hadde Jostein sin Bømlo Teater-debut som koreograf.
-Då mi mor introduserte meg for Abba-gutta si musikalverd, var eg heilt solgt. Rett og slett. Så no eg gler meg utruleg mykje til å vere med å setje opp det skandinaviske utvandrar-eposet Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi!, seier Jostein entusiastisk.

Han er ein erfaren regissør som har jobba mellom anna ved Det Norske Teateret, Torshovteateret, Haugesund Teater, Kilden Teater- og Konserthus, Nordland Teater. I 2018 vant musikalen han regisserte, Billy Elliot i Sandnes Kulturhus, musikkteaterprisen for årets musikal. I 2019 hadde han og Alexander Rybak urpremiere på musikalen Trolle og den magiske fela på Kilden.

Jostein har gjennom mange år jobba som regissør og teatersjef i Kristiansand Dyrepark, der han og er manusforfattar og konseptutviklar for parken sine versjonar av Hakkebakkeskogen, KardemommebyKristian And fra Herli Land og Sirkus Jesper. Han har og skrive og dramatisert fleire teaterstykke og musikalar, og fleire av hans manus er oppført profesjonelt på teatre i Norge. Merittlista er lang – og med Jostein får me med ein erfaren scenekunstnar på laget.