Jul i Svingen tilbake i desember
Bømlo Teater går i gang igjen etter sommarens store musikalproduksjon, Kristina frå Duvemåla.
Som i fjor vil Bømlo Teater ha «Jul i Svingen» i Bømlo kulturhus, med framsyningar 2.-5.desember. Her møter me Linus, dei andre barna i Svingen og foreldra deira, som er kjente og kjære figurar frå julekalenderen på NRK. Framsyninga er bygd på Kjetil Indregard sitt manus og med Odd Nordstoga sin fantastiske musikk.
Billettar kjøpast her på: bomlokulturhus.no
Ynskjer alle hjarteleg velkommen til Jul i Svingen!
Utseld!
Alle framsyningar til Kristina frå Duvemåla er no utseld.
Fleire framsyninga er utseld
«Full suksess for Kristina frå Duvemåla». «Storslått utvandrer musikal». «Glittrande utvandrer musikal i Moster Amfi». Me er glade for dei gode tilbakemeldingane frå publikum, Bømlo Nytt, Sunnhordland og Stavanger Aftenblad. Fleire framsyningar er nå fulle, men er framleis billettar at søndag tysdag 10.8, onsdag 11.8 og torsdag 12.8. Billettar kjøpas på: Ticketmaster
Informasjon til publikum
Kjære publikum. Grunna smittervernsregler vil det BERRE bli sal av kioskvarer FØR framsyninga, utanfor Moster Amfi. Dette for å unngå for mange treffpunkt før framsyning og i pausen. Ta med sitteunderlag/pute då dette ikkje vert delt ut denne gong, og godt med kler. Publikum vert fordelt i tre køar, for fordeling på tre ulike felt inne i amfiet kor ein får tildelt plasser av vertskapet. Me ber alle om å respektere vertskapet som vil gjera alt dei kan for å gjera dette til eit trygt arrangement. Moster Amfi og Bømlo Teater oppmodar om at det vert brukt munnbind når ein står i kø, og når ein beveger seg inne i amfiet.
Me er i dialog med Bømlo kommune om gjennomføring av framsyningane. Saman med dykk publikummarar vil me gjera dette til ein trygg og god oppleving for alle. Takk.