Informasjon til publikum

Kjære publikum. Grunna smittervernsregler vil det BERRE bli sal av kioskvarer FØR framsyninga, utanfor Moster Amfi. Dette for å unngå for mange treffpunkt før framsyning og i pausen. Ta med sitteunderlag/pute då dette ikkje vert delt ut denne gong, og godt med kler. Publikum vert fordelt i tre køar, for fordeling på tre ulike felt inne i amfiet kor ein får tildelt plasser av vertskapet. Me ber alle om å respektere vertskapet som vil gjera alt dei kan for å gjera dette til eit trygt arrangement. Moster Amfi og Bømlo Teater oppmodar om at det vert brukt munnbind når ein står i kø, og når ein beveger seg inne i amfiet.

Me er i dialog med Bømlo kommune om gjennomføring av framsyningane. Saman med dykk publikummarar vil me gjera dette til ein trygg og god oppleving for alle. Takk.