Jul i Svingen tilbake i desember

Bømlo Teater går i gang igjen etter sommarens store musikalproduksjon, Kristina frå Duvemåla.

Som i fjor vil Bømlo Teater ha «Jul i Svingen» i Bømlo kulturhus, med framsyningar 2.-5.desember. Her møter me Linus, dei andre barna i Svingen og foreldra deira, som er kjente og kjære figurar frå julekalenderen på NRK. Framsyninga er bygd på Kjetil Indregard sitt manus og med Odd Nordstoga sin fantastiske musikk.

Billettar kjøpast her på: bomlokulturhus.no

Ynskjer alle hjarteleg velkommen til Jul i Svingen!