Suksess for Evita!

Evita produksjon 2018

Ein strålande sommar med Evita er over. Over 9000 publikummarar såg framsyninga i Moster Amfi, eit tall me er utrolig stolte av!

Tusen takk til kvar og ein som bidrog til å gjere denne produksjonen til ein suksess; til vårt kunstnariske team, til heile ensemblet og hovudroller, til orkesteret og til alle i produksjonen, både på og bak scena, som har lagt ned uttallige dugnadstimer i dette prosjektet. Det frivillige apparatet i Bømlo Teater er fylt med positive, kunnskapsrike, drivandes dyktige, fine menneskjer, og det er dei som gjer teateret vårt unikt. Takk.

Takk til publikum som kom til Moster Amfi for å sjå framsyninga! Med så gode besøkstall og fine tilbakemeldingar, blir me inspirert til å halde fram med å skape musikalar og scenekunst på høgt nivå.

Takk til alle våre samarbeidspartnarar, både offentlege og private, som ser viktigheta av det arbeidet Bømlo Teater gjer.

Takk til Marinaden og Bømlo kunstlag for samarbeidet i Tollhagen med matservering og utstilling. Dette skapte ein fin atmosfære og heilskap i samband med Evita.

Me ynskjer alle ein fin haust og følg oss vidare for nye flotte opplevingar framover!