Stor suksess for «I slik ei natt»

13268455_1069392423121642_389471703187523693_o

Alle puslespelbitane fall på plass, og til og med vêret samarbeidde med oss, for å gjere urpremieren på I slik ei natt til den suksessen han var. Omlag 4000 publikummarar kom for å sjå det nye Mostraspelet I slik ei natt.

Avisene har skrytt av framsyninga. Bømlo Nytt nemner blant anna korleis Ivar Tindberg har brukt enkle, men effektfulle, visuelle verkemiddel som skaper «ei fin underbygging av dramatiske scenar», der «Flotte kostyme, røffe, skitne sjømenn og tatoverte armar er også med å gje spelet ein røffskap som kler tidsperioden handlinga går føre seg». Fitjarposten har kalla spelet for «ei heilstøypt teateroppleving av ypparste merke» der karakterane «blir framstilte som samansette, heilstøypte personar med refleksjon, tvil og tru». Sunnhordland sin meldar meiner at han har «aldri før sett så mykje godt skodespeleri i Moster Amfi. Heller ikkje så mykje god komikk. For trass i at dette er eit stykke som handlar om kristninga av Noreg og om Olav Haraldsson sin veg frå ei regelrett bølle til helgen, så er det også til tider rein buskis og folkekomedie.»

Me gler oss over alle dei gode orda som har kome frå både publikum og mediene, og vil igjen takke alle som kom til Moster Amfi og gjorde helga til ei fantastisk oppleving for alle involverte.