Bømlo Teater, hausten 2016

 

facebookcover_forviklingarimorkret

Bømlo Teater har mykje å by på denne hausten og vinteren.

Komedie i kulturhuset!

Bømlo Teater viser komedien Forviklingar i mørkret i kulturhuset 28.10-30.10. Dette er ein herleg forviklingskomedie skrive av Peter Shaffer. Handlinga føregår i London på slutten av 1960-talet. Me får servert ein farse som inneheld alt me forventar frå sjangeren, og kanskje litt til?

Billettar: bomlokulturhus.no

Les meir

20 års jubileum for Julehuset!

2.- 4. desember viser Bømlo Teater tradisjonen tro, Julehuset i Bømlo kulturhus. Julehuset har gjennom 20 år vore gjennom nokre endringar, men ingen har rokka ved historia til Mons og Mogens. Både store og små er velkomne til Bømlo kulturhus og me skal få dykk i god julestemning med denne tradisjonsrike framsyninga.

Billettar: bomlokulturhus.no

Julasong i Bømlo kulturhus 26.12.

For tredje år på rad inviterer Bømlo Teater med Geir Ersland i spissen til romjulskonsert i kulturhuset. Målet er å laga eit samlande arrangement der både modne og unge talent bidreg til å lage ei original musikalsk romjulsafta.

Billettane vert lagt ut for sal måndag 3.10.

18 års aldersgrense.

Stor suksess for «I slik ei natt»

13268455_1069392423121642_389471703187523693_o

Alle puslespelbitane fall på plass, og til og med vêret samarbeidde med oss, for å gjere urpremieren på I slik ei natt til den suksessen han var. Omlag 4000 publikummarar kom for å sjå det nye Mostraspelet I slik ei natt.

Avisene har skrytt av framsyninga. Bømlo Nytt nemner blant anna korleis Ivar Tindberg har brukt enkle, men effektfulle, visuelle verkemiddel som skaper «ei fin underbygging av dramatiske scenar», der «Flotte kostyme, røffe, skitne sjømenn og tatoverte armar er også med å gje spelet ein røffskap som kler tidsperioden handlinga går føre seg». Fitjarposten har kalla spelet for «ei heilstøypt teateroppleving av ypparste merke» der karakterane «blir framstilte som samansette, heilstøypte personar med refleksjon, tvil og tru». Sunnhordland sin meldar meiner at han har «aldri før sett så mykje godt skodespeleri i Moster Amfi. Heller ikkje så mykje god komikk. For trass i at dette er eit stykke som handlar om kristninga av Noreg og om Olav Haraldsson sin veg frå ei regelrett bølle til helgen, så er det også til tider rein buskis og folkekomedie.»

Me gler oss over alle dei gode orda som har kome frå både publikum og mediene, og vil igjen takke alle som kom til Moster Amfi og gjorde helga til ei fantastisk oppleving for alle involverte.

Kulturministeren opnar Mostraspelet «I slik ei natt»!

Me er stolte over at kulturminister Linda Hofstad Helleland vil opna I slik ei natt på urpremieren 27. mai.

– Eg gler meg til å sjå teater på den vakre friluftscenen Moster Amfi! Mostraspelet er eit av dei lengst gåande spela i Norge, og ein sterk tradisjonsbærar for formidling av norsk historie med bruk av teater som verkemiddel. Ekstra spennande er det at Bømlo Teater, etter 31 år med Kristkongene på Moster, tør å satsa på eit nytt stykke med eit heilt nytt kunstnarisk uttrykk. Teateret har knytt til seg mange gode krefter gjennom Svein og Ivar Tindberg, Kjetil Bjerkestrand og Gjermund Andresen, seier kulturministeren.