Julehuset i Bømlo kulturhus og Bygdatunet på Langevåg!

 

Tradisjonen tru får me vera med inn i skogen og møta mormor, skogsnissane, fjellnissane, trolla, og eit par artige nissar som me får møta for aller første gong. Ta med heile familien og kom i julestemning med Julehuset også i år.
Framsyningar på Bømlo kulturhus torsdag kl 17.00 fredag kl 17.00, og laurdag kl 13.00 og 15.00

Billettar på: bomlokulturhus.no

Framsyninga på Langevåg er sundag 2.12 kl 15.00. Billettar på bomlo.net

 

Julasong 26.12 i Bømlo kulturhus!

background-2944077_1920

Også i år vert det Julasong i Bømlo kulturhus 2. juledag. Billettane vert lagt ut for sal fredag 26.10 kl 12.00bomlokulturhus.no. I fjor vert det utseld på 45 minutt, så best å vera om seg.

Det er kun mogleg og kjøpe billettar på nett,  ved automat og billettluka på kulturhuset. Det blir ikkje salg og reservasjoner over telefon.

Arrangementet har 18 års aldergrense.

Aldersgrense 18 år.

Suksess for Evita!

Evita produksjon 2018

Ein strålande sommar med Evita er over. Over 9000 publikummarar såg framsyninga i Moster Amfi, eit tall me er utrolig stolte av!

Tusen takk til kvar og ein som bidrog til å gjere denne produksjonen til ein suksess; til vårt kunstnariske team, til heile ensemblet og hovudroller, til orkesteret og til alle i produksjonen, både på og bak scena, som har lagt ned uttallige dugnadstimer i dette prosjektet. Det frivillige apparatet i Bømlo Teater er fylt med positive, kunnskapsrike, drivandes dyktige, fine menneskjer, og det er dei som gjer teateret vårt unikt. Takk.

Takk til publikum som kom til Moster Amfi for å sjå framsyninga! Med så gode besøkstall og fine tilbakemeldingar, blir me inspirert til å halde fram med å skape musikalar og scenekunst på høgt nivå.

Takk til alle våre samarbeidspartnarar, både offentlege og private, som ser viktigheta av det arbeidet Bømlo Teater gjer.

Takk til Marinaden og Bømlo kunstlag for samarbeidet i Tollhagen med matservering og utstilling. Dette skapte ein fin atmosfære og heilskap i samband med Evita.

Me ynskjer alle ein fin haust og følg oss vidare for nye flotte opplevingar framover!

Ståande applaus for Evita!

fullsizeoutput_3524

Det var ståande applaus på premieren onsdag, og kritikkane er strålande.

NRK: «Unik oppsetning av Evita». Høyr tilbakemeldingar og innslag frå NRK her

Bømlo Nytt: «Lisa Stokke sigrar med Evita». «Bømlo Teater skapar latinostemning på Vestlandet.» » Suggerande teater» Les heile her (Abo)

Sunnhordland: «Magi i Moster Amfi». «André Søfteland imponerar». «Espen Hana har akkurat det som skal til». Les heile her (Abo)

Stord24: «Ein kaftprestasjon». «Bømlo teater leverer ei polert og skarp framsyning med utsøkte, mjuke detaljar». Les heile her. (Open)

Framleis ledige billettar sundag, tirsdag, onsdag, torsdag. Fredagar og laurdagar er utsolgt.

Billettar på: ticketmaster.no eller ring 22 28 81 97/ 22 82 81 49. Kan og kjøpast i billettluka i Moster Amfi frå kl 18.00 alle framsyningsdagar.