Audition for Mostaspelet – I slik ei natt 2020

 

 

 

 

 

Bømlo Teater skal halde audition til Mostraspelet – I slik ei natt,

for rollane Gyril, Tord og Omar.

Me søkjer etter tre unge amatørskodespelarar i alderen 16-23 år til desse rollene.

Framsyningar i Moster Amfi 18.-20. juni.

Øvingar vil i hovudsak bli torsdagar og helger frå mars/april.

  • Dato for audition: Laurdag 01.02.2020
  • Stad: Bømlo Teater sine lokalar i Urangsvåg, Bømlo.
  • Påmelding gjerast til post@bomloteater.no innan 20.01.2020.
  • Tekster til førebuing blir sendt ut ved påmelding.
  • Les meir om rollene her

Det er allereie mange dyktige unge skodespelarar som er knytta til teateret , men me vil også invitera andre som ikkje har vore med oss før. Me veit det er mykje talent der ute, så me håper at det er mange som melder seg på. Dette er eit godt høve for unge skodespelarar til å få spanande utfordringar i eit trygt og godt miljø.

Mange syns nok at det å gå på audition kan virke skummelt, men me lover å leggje til rette for at opplevinga skal bli god og at ein føler seg godt ivaretatt.

Gi ei kulturoppleving i julegåve


Opplevingar, bøker og tid i felleskap seglar opp som julegåvetrenden 2019. Kanskje er det akkurat ei fellessoppleving med nokon du er glad i du skal satse på i år?

Svein Tindberg si «I slik ei natt» er historia om kong Haraldson og korleis både han og vårt Moster fekk ei ei viktig rolle i både norsk religions- og rettshistorie.

Har du ikkje fått sett denne framsyingan? Då har du høve til å skaffe deg gode billettar til halv pris før 31.12 på bomlo.netMerk: Framsyningane er 18.-20. juni 2020.

Boka «Teatereventyret på Bømlo» er å få kjøpt hos Vikse Libris på HSD senteret på Bømlo, no på tilbod til kr 199,-. Bli betre kjent med den over 45 år lange historia til

Bømlo Teater, i både tekst og bilde. Boka er skrive av Kristine Sele, saman med Finn Bakke som har satt saman eit flott utvalg av bilder frå vår historie.

 

Julehuset i Bømlo kulturhus!

Etter ei flott premiere i går, er me klare for å ta imot nye publikummarar gjennom helga. Fredag kl 17, laurdag kl 13 og 15, og på sundag kl 17. Over 1000 billettar er allereie solgt, så ikkje vent for lenge med å sikra deg plass!

Ta med heile familien og kom i god julestemning med Julehuset også i år. Me ynskjer små og store hjarteleg velkomne til årets juleframsyning med Bømlo Teater!

«Tidleg ute tilbod» til Mostraspelet – I slik ei natt 2020!

 

Årets julegåve!

Frå 14.november til 31. desember er det «tidleg ute tilbod» på billettar til Mostraspelet – I slik ei natt! Pris er kun kr 250,- for billettar på Felt B i Moster Amfi.(ordinær pris kr 460,- inkl avgift).

Billettar kjøpast på bomlo.net.

Start sommarferien på Bømlo og opplev det vakre Moster Amfi desse sommardagane i juni.

I slik ei natt er skrive av Svein Tindberg.

Framsyningar er kl 19.00 den 18. og 19. juni og kl 15.00 den 20.juni 2020.

Bømlo Teater og Moster Amfi ser fram i mot ein ny forsommar med Mostraspel i det vakre amfiet!

 

Julasong 26.12 i Bømlo kulturhus!

For 6. året på rad inviterer Bømlo Teater til  Julasong i Bømlo kulturhus 2. juledag. Billettane vert lagt ut for sal onsdag 23.10 kl. 10.00 på bomlokulturhus.no.

I fjor vert det utseld på 1 time, så best å vera om seg.

Det er kun mogleg og kjøpe billettar på nett og i billettluka på kulturhuset. Det blir ikkje salg og reservasjoner over telefon.

Arrangementet har 18 års aldergrense.