Audition for Mostaspelet – I slik ei natt 2020

 

 

 

 

 

Bømlo Teater skal halde audition til Mostraspelet – I slik ei natt,

for rollane Gyril, Tord og Omar.

Me søkjer etter tre unge amatørskodespelarar i alderen 16-23 år til desse rollene.

Framsyningar i Moster Amfi 18.-20. juni.

Øvingar vil i hovudsak bli torsdagar og helger frå mars/april.

  • Dato for audition: Laurdag 01.02.2020
  • Stad: Bømlo Teater sine lokalar i Urangsvåg, Bømlo.
  • Påmelding gjerast til post@bomloteater.no innan 20.01.2020.
  • Tekster til førebuing blir sendt ut ved påmelding.
  • Les meir om rollene her

Det er allereie mange dyktige unge skodespelarar som er knytta til teateret , men me vil også invitera andre som ikkje har vore med oss før. Me veit det er mykje talent der ute, så me håper at det er mange som melder seg på. Dette er eit godt høve for unge skodespelarar til å få spanande utfordringar i eit trygt og godt miljø.

Mange syns nok at det å gå på audition kan virke skummelt, men me lover å leggje til rette for at opplevinga skal bli god og at ein føler seg godt ivaretatt.