Me er særs glade for at me får Jostein Kirkeby-Garstad tilbake til Moster Amfi som regissør for noregspremieren på Kristina från Duvemåla. I 2018 hadde han regi på vår produksjon av Evita.
Sist me hadde noregspremiere med ein musikal signert ABBA-gutta; Chess i 2006, hadde Jostein sin Bømlo Teater-debut som koreograf.
-Då mi mor introduserte meg for Abba-gutta si musikalverd, var eg heilt solgt. Rett og slett. Så no eg gler meg utruleg mykje til å vere med å setje opp det skandinaviske utvandrar-eposet Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi!, seier Jostein entusiastisk.
Han er ein erfaren regissør som har jobba mellom anna ved Det Norske Teateret, Torshovteateret, Haugesund Teater, Kilden Teater- og Konserthus, Nordland Teater. I 2018 vant musikalen han regisserte, Billy Elliot i Sandnes Kulturhus, musikkteaterprisen for årets musikal. I 2019 hadde han og Alexander Rybak urpremiere på musikalen Trolle og den magiske fela på Kilden.