Kommande laurdag er det Jazz og bok i Bømlo kulturhus. Her vil regissør Ivar Tindberg vera
gjest og forteja om det nye Mostraspelet,I slik ei natt, som har prøvestart denne helga. Dette er ei fin anledning til å bli betre kjend med historia og med vår regissør.
Etterpå er det konsert med Gjertruds Sigøynerorkester.
For meir info sjå: http://bomlokulturhus.no
«Det nye Mostraspelet «I slik ei natt» er eit nytt manus skive av Svein Tindberg, ei historie som fokuserer på Kristenretten og Olav Haraldsson. Bømlingar flest kjenner godt historia i Kristkongane på Moster, karakterar som Gamle Gunnbjørg og Olmod frå Fitjar. I år får me bli kjent med nye karakterar og ikkje minst nye sider ved det historiske som skjedde på Moster då Kristenretten vart satt. Ivar Tindberg har regien, og sidan Svein og Ivar sin far Snorre Tindberg var den som teikna Amfiet, har tre blad Tindberg verkeleg bidrege til at den nasjonale mostrahistoria når sitt publikum. 5. mars kjem Ivar Tindberg til Jazz & bok for å snakka om den nye historia, karakterane me skal bli kjent med og litt om arbeidet som ligg framfor Bømlo Teater no før urpremieren 27. mai.»