Sigmund Njøs Hovind er vår Jackson

Sigmund skal gjera rolla som den amerikanske pastoren Jackson i Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi.

Han er ein svært dyktig skodespelar med lang erfaring frå teater, film, og tv-produksjonar. Sigmund er utdanna ved Högskolan för scen och musik i Göteborg, og etter eit par år med teater- og filmjobbing i Sverige, kom han til Bergen og Den Nationale scene i 2013. Her spelte han i mellom anna Vår ære/vår makt, Kristin Lavransdatter, Wendy og Peter, Vaffelhjarte og Vildanden. No er Sigmund frilansar og skal i februar 2022 ha premiere på si eiga framsyning AMOR FATI under Frontlosjefestivalen i Bergen, der Carte Blanche er co-produsentar.

Me ynskjer Sigmund hjarteleg velkommen til Bømlo Teater!

Billettar på: TIcketmaster.no

Framsyningar 4.-14. august 2021