Mostraspelet – I slik ei natt, er avlyst.

Det er tungt å melde at Mostraspelet 2020, I slik ei natt, blir avlyst. Me gjorde fyrst eit forsøk på å flytta framsyninga frå juni til august, men etter at regjeringa forlenga forbodet mot arrangement over 500 til 1. september, kan me ikkje avvikle årets spel. Dette er sjølvsagt svært beklageleg, og ei krevjande avgjersle å ta. Denne situasjonen er ute av vår kontroll, men me må sjølvsagt innrette oss etter desse føringane for å hindre smittespreiing. Me vil takke alle aktørar, produksjonen og støttespelarar for forståing og positive innstilling i denne prosessen. Sjølv om me må avlyse årets Mostraspel vil me komma sterkt tilbake med andre framsyningar og produksjonar framover, så fort det blir moglegheit for det. Me gler oss til me kan samlast igjen, både aktørar og publikum og skapa gode opplevingar saman etter denne utfordrande perioden.

Refusjon av billetta vert gjort automatisk frå bomlo.net. Ved spørsmål angåande billettar ta kontakt på post@bydgatunet.no.

Mostraspelet – I slik ei natt er flytta til august!

Kjære publikum.

  • I går vart det klart at forbodet mot kulturarrangementer er utvida fram til 15. juni. Det er difor klart at me ikkje klarar å gjennomføre MOSTRASPELSHELG i Moster Amfi og dermed «I SLIK EI NATT» som planlagt 18.-21. juni 2020.
  • Dette er heilt nødvendige restriksjonar som me som arrangør må fylgje. Me vel difor å utsetje Mostraspelet til siste helga i august, nærare bestemt 27.-30. AUGUST 2020
  • Me har frose alt billettsal på bomlo.net – og jobbar for ei avklaring rundt billettrefusjonar og ev endring av billett, og ber om forståing for at me ikkje kan svare på dette akkurat no. Vårt utgangspunkt er å finne ei god løysing, og me kommer tilbake med informasjon rundt dette veldig snart!
  • Til då veit me nok meir om heile Mostraspel- programmet, klokkeslett for spelet mm. Me vil halde alle våre støttespelarar, samarbeidspartnarar, aktørar og publikum og frivillige orientert om vegen vidare.
  • Bømlo Teater vil gjere alt som står i vår makt for å få gjennomført MOSTRASPELET 2020. Til me har meir informasjon ynskjer me alle ei god påske – med eit lite tilbakeblikk frå I SLIK EI NATT 2019.

Manus: Svein Tindberg

Musikk: Kjetil Bjerkestrand

Årsmøte 26. mars blir utsett

Me må diverre meddele at ÅRSMØTE I BØMLO TEATER 26. MARS blir utsett. Dette som følgje av Corona situasjonen.

Som mange andre teater i landet må me vurdere gjennomføringa av kommande produksjonar, deriblant Mostraspelet. Me planlegg som vanleg, men fylgjer nasjonale signal kontinuerleg. Slik at me er rusta til å ta ei best mogleg beslutning. Me vil halde vårt publikum og medlemmar orientert via sosiale medier og interne informasjonskanalar framover.

Me sender heia-rop til alle helsepersonell og andre i beredskap om dagen – og satser på at innsatsen me no gjer, vil gjere oss i stand til å fylgje våre planar for teater og kunst framover. Ta vare på kvarandre.

Irene Waage tilbake i Mostraspelet!

Det er gledeleg for oss at Irene Waage endeleg skal vera med i Mostraspelet
I slik ei natt, i rolla som Ragnhild.

  • Eg er svært glad for å vera med i Mostraspelet igjen. Det er no ti år sidan eg var med i Kristkongane på Moster. Det er godt å kunne komma heim til Bømlo og jobba innimellom. Gler meg til å treffa gamle og nye Mostraspelarar og ikkje minst ha Nina Sele som regissør, seier ho.

Irene er frå Bømlo og er utdanna ved Statens Teaterhøgskule (KHIO). Ho har mange år bak seg ved Den Nationale Scene, Hordaland Teater ( Det vestnorske teateret) og Sogn og Fjordane Teater (Teater Vestland), og vore med i framsyningar som mellom anna Vildanden, Kristin Lavransdatter, Hellemyrsfolket, Fanny og Alexander, Les Misérables, Kirsebærhaven og Namnet.
Med Irene får me ein erfaren, stødig og meget talentfull skodespelar inn i ensemblet. Me ynskjer ho hjarteleg velkommen heim til Bømlo Teater og til Mostraspelet – I slik ei natt. Framsyninga går 18.-20. juni i Moster Amfi.

Nina Sele – årets regissør for Mostraspelet – I slik ei natt

Det er ei stor glede for oss å presentere Nina Sele som regissør for Mostraspelet –
I slik ei natt. Nina har vore ein del av den kunstnarlege leiinga sidan urpremieren i 2016 både som regiassistent og som med-regissør, i tillegg til å vera skodespelar i framsyninga. Ho var også med i mange år i Kristkongane på Moster, både som amatør og profesjonell skodespelar.

  • Fyrst og fremst takkar eg for tillita. Sidan eg har vore med frå starten av I slik ei natt, så meiner eg å ha god kjennskap til spelet. Det å no stå i spissen for det kunstnarlege arbeidet ser eg på som ei stor gåve, seier Nina Sele.
  • Gjennom eit godt samarbeid med Bømlo Teater og alle dei fantastiske folka som er involvert i spelet på alle plan, er dette ein vår eg ser fram i mot. Arbeidet med spel som kombinerar amatører og profesjonelle har ein eigen dynamikk som det er utruleg kjekt å jobba med. Kanskje ikkje så rart dette ligg mitt hjarte nært, eg vaks jo opp i Mostraspelet.

Med å ha Nina med på laget får me ein god og tydeleg leiar med stor kompetanse. Ho kjenner Bømlo Teater godt, har ei høg stjerne blant våre skodespelarar, og i teateret generelt.

  • Det er naturleg og rett at det er Nina som tek over no, seier dramatikar og tidligare regissør for framsyninga Svein Tindberg.
  • Ikkje berre har ho vore ein dyktig skodespelar gjennom mange år, men hennar skarpe auge for regi har vore åpenbart for alle oss som har jobba med ho. Kunstnarleg teft, humor og eit varmt hjarte, – kan det bli betre, fortsett han. Svein og Nina har jobba tett saman med I slik ei natt sidan 2016.

Nina Sele er frå Bømlo og har vore med i ei rekke produksjonar med Bømlo Teater både som skodespelar og regissør. Ho er utdanna skodespelar ved NISS, og har jobba ved mellom anna Haugesund Teater og Jo Strømgren Kompani. Nina er ei av kreftene bak teaterkompaniet Scenekraft. Her har ho gjort sterke roller i mellom anna Sviker, Rederinnene og i Heddanominerte Rabinowitz.

  • Framsyningar i Moster Amfi 18.-20. juni 2020.
  • Billettar på bomlo.net