For fyrste gong vil Evita bli satt opp i fullversjon på ei utescene i Noreg. Framsyninga er skriven av Andrew Lloyd Webber og Tim Rice og går inn i rekkja av verdskjende musikalar som Bømlo Teater har gjort så langt: Jesus Christ Superstar, Les Misérables, Chess, Miss Saigon og West Side Story, sistnemde i 2014. På rollelista står blant anna Lisa Stokke som Evita, André Søfteland som Che og Espen Hana som Juan Perón. I tillegg er det eit ensemble på 55, både profesjonelle og amatørar.
Musikalen skildrar livet til fattigjenta som enda opp som ikonet Evita. Maria Eva Duarte er betre kjent som Eva Perón og er sjølv i dag, 65 år etter sin død, hylla som ein helgen i heimlandet Argentina. Som 27-åring gifta ho seg med den komande president Juan Perón og vart ei av verdas mektigaste kvinner, og sett på som landet sin åndelege leiar. Ho var forakta av overklassen men forguda av folket. Evita kjempa for kvinners stemmerett og for dei fattige, som såg henne som ein helgen allereie før ho døydde, berre 33 år gamal. Det brennande engasjementet ho synte, politiske metodar ho nytta og viljen til makt i kombinasjon med hennar skjønnheit har gjort ho til ei legende.
Musikalen er gjennomkomponert og inneheld kjende songar som mellom anna Don´t Cry for Me Argentina, Another Suitcase in Another Hall, High Flying Adored, Buenos Aires og Oh What a Circus. Bømlo Teater si framføring vert gjort på nynorsk.
Som i tidligare musikalar vil det vera full orkesterbesetning. På scena vil ein sjå eit stort ensemble med ei blanding av profesjonelle og amatørar. Me har stor lokal forankring blant dei involverte.
Me gleder oss til å laga ein ny storslått musikal i Moster Amfi 8.-18 august. Me ynskjer publikum hjarteleg velkommen til ei magisk oppleving i august 2018!
Billettar: ticketmaster.no. Kan og kjøpast i billettluka i Moster Amfi frå kl 18.00 alle framsyningsdagar.
For å kontakte Ticketmaster: 22 82 81 49 (Grupper) 22 82 81 97 (Enkeltbestillingar og rullestolplass)