Bømlo Teater gjentek suksessen frå 2021 i Moster Amfi.
Det ei stor glede for Bømlo Teater å igjen ynskje publikum velkommen til Kristina frå Duvemåla. Heile 6000 såg den utselde Noregspremieren i 2021. Grunna restriksjonar var dette halvparten av kapasiteten i amfiet. Me tek difor opp att suksessen av den storslåtte musikalen, med like stort ensemble som sist og eit symfoniorkester på 23 musikarar.
Velkommen til Noregs vakraste uteamfi og Bømlo Teater sin nypremiere på Kristina frå Duvemåla!
Billettsalet startar i dag på Ticketmaster. Kjøp billettar HER.
Framsyninga har premiere 2. august og spelar til 12. august. Dette bør vere den finaste julegåva å gje i år!