Mat og servering i Tollhagen

Heilaften på Moster, med argentinske smakar før framsyning!

Under Evita vil det vera servering i Tollhagen, som ligg rett ved sidan av Moster Amfi, kvar kveld.
Saman med Marianaden og Bømlo Kunstlag, tilbyr me tre unikt samansette hovudrettar og dessert, og utvalgt drikke til rettane.
Inviter kjærasten på romantisk hage-hygge, ta med familien og vener eller arranger firmatur!
Større selskap må bestille på førehand. Ved førehandsbestilling, send oss ein mail med dato, antall gjester, og kva de ynskjer å spise.
Bestilling: mat@bomloteater.no