Olav Haraldsson var konge i Noreg frå 1015 til 1028. I I slik ei natt fokuserer handlinga på vikingkongen og legenda Olav Haraldsson. Me fylgjer Olav på reisa frå å vere ein brutal og temperamentsfull viking i Greenwich i England, til han presenterer kristenretten på Mostratinget i 1024 og til slutt vert drepen av Tore Hund i 1030. På vegen er han blant anna på havet med mennene sine og er nær ved å drukne utanfor Cádiz i Spania, han vert døypt i katedralen i Rouen i Frankrike og han driv med våpentrening i Borg.
Desse har spela rolla som Olav Haraldsson:
- Rolf Kristian Larsen (2016-2017, 2019)
- Odin Waage (2022)