Program for Mostraspelshelga 27.-29. mai

No er programmet for Mostraspelshelga klart!

Mostraspelet har urpremiere på l slik ei natt fredag 27.mai kl 18.00. Dette heilt nye spelet med nytt manus, ny historie, ny musikk, nye kostymer og ny scenografi, leder an for ei innhaldsrik helg på Moster. Toratreff og utdeling av Tora Mostrastongprisen, Litle Torolv, Sverdet og krossen, konsert med Rein Underhaldning, kunstutstilling og servering i Tollhagen er blant det ein kan oppleve på Moster denne helga.

Billettar til Mostraspelet, I slik ei natt: billettservice.no

Billettar til andre arrangement kan du kjøpa på bomlo.net eller ved inngang.

Me ynskjer alle velkommen til Moster og til Mostraspeleshelga.

Festivalprog s 1 jpgFestivalprog s 2 jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det nye Mostraspelet «I slik ei natt» under Festspillene i Bergen

Mostraspelet Plakat 40x70_nett ferdigBømlo Teater er glade for å melde at urpremieren på det nye Mostraspelet,I slik ei natt, blir ein del av Festspillene i Bergen.

Det er stort for oss at ein av Noregs største kulturinstitusjonar ynskjer Bømlo Teater sin urpremiere i sitt program og Moster Amfi som satellittarena i 2016. Framsyningane er i Moster Amfi 27.05-29.05 kl 18.00.

Billettsalet er i gang på billettservice.no

For grupper over 10, kontakt Grieghallen sitt billettkontor:
Tlf: 55 21 61 50

 

 

Skodespelarar klare for «I slik ei natt»

profil RKSAMe er glade for å presentere nokre av skodespelarane som blir å sjå i det nye Mostraspelet I slik ei natt  i Moster Amfi 27.5-29.5.

Omlag 80 skodespelarar vil stå på scena i historia om Olav Haraldsson.

Blant dei finner med Rolf Kristian Larsen, Svein Tindberg og Anderz Eide.

Rolf Kristian Larsen vil spele rolla som Olav Haraldsson. Larsen er frå Stavanger og har blant anna jobba ved Nationaltheatret. Han er kjent frå filmar som Mannen som elsket Yngve, Jeg reiser alene, Kompani Orheim, Fritt vilt, Max Manus og frå tv-serien Kampen om tungtvannet.

Svein Tindberg spelar rolla som Tore Hund, mannen som drap Olav Haraldsson på Stiklestad. Han er ein av Noregs fremste skodespelarar og har i ei årrekkje jobba ved Det Norske Teateret. Han har i fleire år spelt og turnert med framsyningane Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerningar og Abrahams barn. Tindberg har tidligare spelt og hatt regi på Kristkongane på Moster.

Anderz Eide frå Hålandsdal vil gjera rolla som Sigurd. Eide har jobba ved ei rekkje teater i Noreg som Den Nationale scene, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret. Han er også kjent frå tv-seriar som Frikjent, Kampen for tilværelsen, Øyevitne og Det tredje øyet.

Randolf Walderhaug har jobba som skodespelar sidan 1984 og har vore fast tilsett ved Den Nationale Scene og Teatret Vårt i Molde, og spelt på dei fleste av teatera i landet. Han er no frilansar basert i Oslo og er aktuell med filmane Kongens nei og Kings Bay. I haust skal han ha regi på Namnet av Jon Fosse på Hordaland Teater. Randolf har tidligare spelt både Olav Tryggvason og Olav Haraldsson i Kristkongane på Moster.

I tillegg til disse finn me mellom anna Nina Sele, Geir Ersland, Brynjar Stautland, Vilde Stokke, Erik Larsen, Ingunn Onarheim Rolfsnes, Nina Meldahl Olsen og Marianne Grønnevik i leiande roller.

I slik ei natt er skrive av Svein Tindberg, musikken blir komponert av Kjetil Bjerkestrand. Regissør er Ivar Tindberg og Gjermund Andresen er scenograf og kostymedesigner.

 

Billettar kjøpast på bomlo.net og  billettservice.no

 

Ivar Tindberg på Jazz og bok i Bømlo kulturhus 5.3 kl 21.00

Kommande laurdag er det Jazz og bok i Bømlo kulturhus. Her vil regissør Ivar Tindberg vera
gjest og forteja om det nye Mostraspelet,I slikIvar profil ei natt, som har prøvestart denne helga. Dette er ei fin anledning til å bli betre kjend med historia og med vår regissør.
Etterpå er det konsert med Gjertruds Sigøynerorkester.
For meir info sjå: http://bomlokulturhus.no
«Det nye Mostraspelet «I slik ei natt» er eit nytt manus skive av Svein Tindberg, ei historie som fokuserer på Kristenretten og Olav Haraldsson. Bømlingar flest kjenner godt historia i Kristkongane på Moster, karakterar som Gamle Gunnbjørg og Olmod frå Fitjar. I år får me bli kjent med nye karakterar og ikkje minst nye sider ved det historiske som skjedde på Moster då Kristenretten vart satt. Ivar Tindberg har regien, og sidan Svein og Ivar sin far Snorre Tindberg var den som teikna Amfiet, har tre blad Tindberg verkeleg bidrege til at den nasjonale mostrahistoria når sitt publikum. 5. mars kjem Ivar Tindberg til Jazz & bok for å snakka om den nye historia, karakterane me skal bli kjent med og litt om arbeidet som ligg framfor Bømlo Teater no før urpremieren 27. mai.»