Premiere på Evita i kveld!

fullsizeoutput_351e

Vårt fantastiske ensemble og orkester med Lisa Stokke, André Søfteland og Espen Hana i spissen, er klare for kveldens premiere på EVITA! Me ser fram til å ta i mot publikum og gi dei ein stor oppleving i vakre Moster Amfi.

Framleis billettar at til premieren kl 22.00

Framsyningar 8. – 18. august.

Billettar på: Ticketmaster.no. Kan og kjøpast i billettluka i Moster Amfi frå kl 18.00 alle framsyningsdagar.

 

Orkesteret er på plass

IMG_9761

Me er stolte av å presentere vårt orkester for Evita på heile 18 musikarar! Sjeldan ein opplever dette på musikalar i Noreg. Orkesteret er leia av Trond Husebø og består av: Svein Ragnar Myklebust, Knut Aabø, Halvor Lillesund, Joakim Vikanes, Per Elias Drabløs, Kurt Lisø, Trond Dale, Bjørnar Habbestad, Elisabeth Wulfsberg, Svein Henrik Giske, Nick Walkley, Elske Groen, Simen Rudi Solbakken, Sondre Fjose Sandberg, Marin Stallemo Bakke, Gunvald Ottesen, Einar Halle og Øystein Torp.
Saman med dei 55 aktørane på scena kjem dei til å skape magiske opplevingar 8.-18. august i Moster Amfi.

Billettar på: ticketmaster.no. Kan og kjøpast i billettluka i Moster Amfi frå kl 18.00 alle framsyningsdagar.

Ei veke til premiere!

bh0A0A5624-kopiNo er det ei veke til premiere på stormusikalen Evita i Moster Amfi, og i dag er det prøvestart for vårt orkester på 18 musikarar!

Over 6000 billettar er solgt. Minnar om at det er plassbillettar i år, så no bør ein sikra seg ønska plass og dag.

Premiere 8. august og framsyningar fram til 18. august.

Billettar: Ticketmaster.no Eller ring: 22 82 81 97 eller 22 82 81 49 for grupper og rullestolbrukere. Kan og kjøpast i billettluka i Moster Amfi frå kl 18.00 alle framsyningsdagar.

Bømlo Teater ynskjer publikum velkommen til ei magisk sommarnatt i Moster Amfi.