Endeleg kjem boka om Bømlo Teater si historie!
Fredag 23.11 kl 19.00 vert det bokfest på Gaffel og Vaffel i Bømlo kulturhus.
Det vert bokbad av forfattar Kristine Sele, bilderedaktør Finn Bakke og redaktør Brynjar Stautland, og underhaldning av Bømlo Teater sine eigne folk.
Gaffel og Vaffel står for serveringa. Det vert ostebuffé med eit glas drikke som er inkludert i billettprisen. Grunna matbestilling må billettane kjøpast på førehand på bomlokulturhus.no
Me ynskjer velkommen ein kjekk kveld i kulturhuskafeén med gode historier frå teateret.
Arrangementet har 18 års aldersgrense.