Anita Myhre

Anita er utdanna ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo, kjem frå Stord men er no bømling på fulltid. Ho fekk mykje sceneerfaring då ho jobba fire sesongar for 2Entertain på Color Line. I 2017 gjesta ho Haugesund Teater i oppsetjinga Jesus Christ Superstar, og ho har delteke i dei siste fire musikalane til Bømlo Teater i Moster Amfi; Evita, West Side Story, Musikalske høgdepunkt og Miss Saigon. I 2015 gjorde ho rolla Vigdis i Mostraspelet – Kristkongane på Moster. Anita gler seg til nok ein produksjon med Bømlo Teater, for amfi-somrane er dei beste tykkjer ho.