Tilbake til rolleoversikt
Då Olav var berre barnet rømde mora landet med han fordi Gunnhild og rådsmennene hennar ville drepe han. I landa der aust (Dei baltiske statar/Russland) vaks han opp. Sidan kom han til England der han saman med danskekongen Svein Tjugeskjegg angreip London. I 994 slutta han fred med den engelske kongen Ethelred, overvintra med sine menn, og året etter for han til Noreg. Her sette han for fyrste gong foten på land på norsk jord på Moster. Han let syngje messe og rita opp grunnen til ei kyrkje som sidan vart reist.
Desse har spela rolla som Olav Tryggvason:
- Kim Kalsås (1984-1995)
- Randolf Walderhaug (1996-1997)
- Brynjar Stautland (1998-2015)